Rekordkontrakt for Norwegian Greentech
STOR ORDRE: Staben i Norwegian Greentech som no skal levere anlegg til Wilson-flåten. Frå venstre senior salssjef Jon Olav Kopperstad, prosjektingeniør Katrine Lynge, automasjonsingeniør Endre Fuglset. mekanisk ingeniør Algis Paulauskas, salssjef Haakon Riise. prosjektingeniør Oddvar Johan Roset, sals & marknadssjef Børge Gjelseth, dagleg leiar Håvard Gjelseth, serviceingeniør Daniel Årvik og elektroingeniør i Proton Elektro Mats Roksvåg. (Silje Vågsholm, Martinus Molskred; Kristoffer Berge og Terje Gjelseth var ikkje tilstades).
Nytt

Rekordkontrakt for Norwegian Greentech

Kurshopp på nær 80 (!) prosent for Havyard på børsen etter melding om nytt oppdrag. 

13.11.2020
Havard-selskapet Norwegian Greentech skal levere renseanlegg for ballastvatn til Wilson-reiarlaget, som har ein flåte på 120 skip.
- Dette er ein enormt viktig avtale som vi har jobba med over lang tid. Denne avtalen er med på å sikre stor aktivitet for Norwegian Greentech i fleire år framover, seier Jon Olav Kopperstad, senior salgssjef i Norwegian Greentech i ei pressemelding.
Meldinga opplyser ikkje storleiken på kontrakten i kroner.

Kursen opp nær 80 prosent

Norwegian Greentech er eit selskap i Havyard Group, med kontor i Fosnavåg og 13 fast tilsette.
Etter at Havyard Group sende børsmelding om kontrakten klokka 10.16 steig i Havyard Group rett opp frå 5,20 kroner per aksje, til 8,52 kroner per aksje klokka 10:29.
Ved slutten av dagen hadde aksjeverdien stege med 78,8 prosent til 8,28. Det verdset Havyard Group til knappe 205 millionar kroner.

Overskot i fjor

Etter fleire tøffe år auka Norwegian Greentech omsetninga kraftig i fjor - frå 16 til 67 millionar kroner.
Åra i førvegen har rekneskapen gått i minus, men i 2019 enda året med eit resultat før skatt på 3,4 millionar kroner.
Leiinga uttalte til NETT NO i fjor at dei ville losne for deira produkt.

65.000 skip

Norwegian Greentech skal levere rensesystem til alle Wilson sine eide skip, og storparten av anlegga skal installerast i perioden 2020 til 2024.
Bakgrunnen for oppdraget er at det frå september 2019 vart obligatorisk at alle skip med ballasttankar må installere reinsesystem ved første fornying av miljøpapir.
Normalt skjer dette kvart femte år.
Totalt er det rundt 65.000 skip internasjonalt som treng å reinse ballastvatnet for å hindre spreiing av organismer frå eitt område til eit anna.

Les også:





Norwegian Greentech

Publisert: 13.11.2020 18:31

Sist oppdatert: 25.03.2021 13:25