Nytt
Rekordkontrakt for Norwegian Group
Multidisiplin-selskapet Norwegian Group frå Volda har inngått rekordkontrakt med drilling-selskapet Dolphin Drilling. Avtalen har ein betydeleg verdi for Norwegian Group. No startar arbeidet med å få tak i meir arbeidskraft.
28.02.2014
No jaktar selskapet fleire tilsette. Dette opplyser selskapet i ei pressemelding fredag.
Kontrakten strekkjer seg over tre år, og Norwegian Group skal levere tenester innan tilkomstteknikk, stillas, NDT, måling og isolering til tre av riggane til Dolphin Drilling, Borgland Dolphin, Bredford Dolphin og Bideford Dolphin. Norwegian Group sitt mål er å utvide kontrakten til også å gjelde dei resterande åtte riggane som Dolphin Drilling har på internasjonal sokkel. Norwegian Group vann kontrakten i konkurranse med åtte andre selskap.
- Dette er eit bevis på at strategien vår for å bli totalleverandør innan multidisiplin-marknaden har lukkast. Vi har arbeidd målretta for å nå dagens posisjon. Dette vil stille større krav til organisasjonen vår, både i forhold til prosjektering og sjølve gjennomføringa av prosjektet, forklarer hovudaksjonær Kay-Ove Johansen i Norwegian Group.
- Avtalen gjer at vi må ha stort rekrutteringsfokus dei neste månadane, og vi må tilsette fleire folk både innanfor operatørsegmentet og lokalt i administrasjonen. Vi vil derfor starte arbeide med å få tak i nok arbeidskraft med ein gong, informerer Johansen.
Cato Erikstad Gundersen, procurment and logistic manager i Dolphin Drilling, fortel at det er fleire grunnar til at dei valde Volda-selskapet:
– Vi opplever Norwegian Group som fleksible, noko som er viktig for oss i forhold til utfordringar i sengekapasiteten på riggane. At dei leverer gode tenester og har gode referansar, var sjølvsagt også avgjerande, seier Gundersen.
Norwegian Group har valt NSE-gruppen som underleverandør når det kjem til spesialkompetanse innan fagfelt i kontrakten dei ønskjer å delegere.
Kontrakten strekkjer seg over tre år, og Norwegian Group skal levere tenester innan tilkomstteknikk, stillas, NDT, måling og isolering til tre av riggane til Dolphin Drilling, Borgland Dolphin, Bredford Dolphin og Bideford Dolphin. Norwegian Group sitt mål er å utvide kontrakten til også å gjelde dei resterande åtte riggane som Dolphin Drilling har på internasjonal sokkel. Norwegian Group vann kontrakten i konkurranse med åtte andre selskap.
- Dette er eit bevis på at strategien vår for å bli totalleverandør innan multidisiplin-marknaden har lukkast. Vi har arbeidd målretta for å nå dagens posisjon. Dette vil stille større krav til organisasjonen vår, både i forhold til prosjektering og sjølve gjennomføringa av prosjektet, forklarer hovudaksjonær Kay-Ove Johansen i Norwegian Group.
Største enkeltkontrakt, fleire tilsette
Kontrakten har altså ein betydeleg verdi for Volda-selskapet og skulle NOG bli tildelt kontrakta for de andre 8 riggane, er det snakk om betydeleg større summar. Dette er den største enkeltkontrakten Norwegian Group har signert.- Avtalen gjer at vi må ha stort rekrutteringsfokus dei neste månadane, og vi må tilsette fleire folk både innanfor operatørsegmentet og lokalt i administrasjonen. Vi vil derfor starte arbeide med å få tak i nok arbeidskraft med ein gong, informerer Johansen.
Cato Erikstad Gundersen, procurment and logistic manager i Dolphin Drilling, fortel at det er fleire grunnar til at dei valde Volda-selskapet:
– Vi opplever Norwegian Group som fleksible, noko som er viktig for oss i forhold til utfordringar i sengekapasiteten på riggane. At dei leverer gode tenester og har gode referansar, var sjølvsagt også avgjerande, seier Gundersen.
Norwegian Group har valt NSE-gruppen som underleverandør når det kjem til spesialkompetanse innan fagfelt i kontrakten dei ønskjer å delegere.
Avtalen gjer at vi må ha stort rekrutteringsfokus dei neste månadane
Publisert: 28.02.2014 14:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31