Rekordkontrakt til Nogva
REKORD: Nogva Motorfabrikk-sjef Kjell Norvoll startar 2021 med rekordkontrakt. Skal levere aggregat til framdrift og straumforsyning til dei åtte skipa Vard-verftet i Vietnam byggjer for det amerikanske selskapet Ocean Infinity.
Nytt

Rekordkontrakt til Nogva

Skal levere aggregat til åtte skip Vard byggjer i Vietnam.

25.01.2021
Avtalen om å leverer aggregat til framdrift og straumforsyning til dei åtte skipa Vard byggjer for det amerikanske selskapet Ocean Infinity er den største einskildkontrakten Nogva Motorfabrikk har inngått nokon gong, .
Skipa blir bygd på Vard sitt verft i Vietnam og skal leverast i 2022 og 2023.
– Ein rekke leverandørar frå den norske maritime klynga er involvert i prosjektet, og oppdraget vil gi positive ringverknader i regionen, skreiv Vard i ei pressemelding i november 2020.

Vekst

- Vi har bemanna litt opp litt og gjer det framleis. Vi har framleis god aktivitet og det ser jammen santen ikkje så verst ut framover heller, sa administrerande direktør og medeigar Kjell Norvoll etter at 2019-tala var offentlege i juni 2020.

Nogva Motorfabrikk-konsernet hadde 427 millionar kroner i driftsinntekter og 42 millionar kroner i resultat før skatt i 2019.

Klar for ammoniakk-drivstoff

Dei 78 meter lange og 15 meter breie skipa er teikna av Vard Design, som fleirbruksfartøy som i stor grad skal kunne gjere tilsvarande oppgåver som offshoreskip.
Fartøya blir også mellom dei første som lagast slik at dei er klare for å ta i bruk sokalla grøn ammoniakk som drivstoff, med brenselcelle og batteriteknologi. Det betyr at dei kan drivast utan CO2-utslepp. (Grøn ammoniakk er ammoniakk laga på hydrogen som er laga kraft frå vass-, vind-, sol- eller atomkraft).

Publisert: 25.01.2021 10:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13