Rekordkontrakt til Rovde Moebel Design
VEKST: Etter at selskapet Rovde Møbel & Design start opp att drifta i fabrikken på Rovde har selskap auka driftsinntektene kvart år. Skipsinnreiinngar er hovudproduktet, men selskapet lagar og garderober, benkeplater og spesialttilpassa innreiingar til hus. Paul Sindre Vedeld (innfelt) er dagleg leiar og ein av dei lokale investorane bak selskapet.
Nytt

Rekordkontrakt til Rovde Møbel & Design

Skal levere 90 lugar-innreiingar til Ulstein-skip.

31.08.2020
Etter at ei gruppe lokale investorar starta opp att møbelproduksjon i bygda i 2016 har det gått jamt oppover for Rovde Møbel & Design. No har selskapet fått jobben med å lage 90 lugarinnreiingar til kabelleggingselskapet Nexans Aurora, som er under bygging ved Ulstein Verft.
Det er det mest omfattande oppdraget selskapet har fått så langt. Den tidlegare rekorden var 13 lugarar til eitt skip, i følgje dagleg leiar Paul Sindre Vedeld. Rett nok har tidlegare ordrar vore meir omfattande per lugar, men kan uansett ikkje måle seg med Nexans-oppdraget.
Oppdraget sikrar arbeid heile hausten og i starten av neste år.

12 tilsette

I 2016 hadde selskapet knappe to millionar kroner i driftsinntekter. I fjor blei det 7,2 millionar og eit lite overskot, seier dagleg leiar og medeigar Paul Sindre Vedeld til NETT NO.
I dag har fabrikken 12 fast tilsette, seier Vedeld.
Han var ein av dei som var med på å få ny drift i fabrikken etter at selskapet Rovdefjord melde oppbod i 2015.

Bonde-samarbeid

NETT NO har tidlegare skrive om samarbeidet melllom fleire eggprodusentar i Rovde, som har samlokalisert hønseria sine på ein industriområde i bygda.

Fleire av familiane som eig hønseri er også blant aksjonærane i eigedomsselskapet Vedeld Eigedom og driftselskapet Rovde Møbel og Design, som i 2016 tok over bygg og utstyr i møbelfabrikken.
Møbelproduksjonen på Rovde starta i 1939, i selskapet Rovde Møbelfabrikk. Etter konkurs i 2011 tok selskapet Rovdefjord over, før Rovde Møbel & Design starta i 2016.

Publisert: 31.08.2020 17:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02