NPK: Måndag 3. januar registrerte Finn.no den høgste trafikken nokon gong på feltet ledige stillingar.
Christopher Ringvold, leiar for Finn jobb, seier til E24 at det er vanleg med svært høg aktivitet i stillingsmarknaden første arbeidsdag etter nyttår, og at det generelt også er mange utlyste stillingar i januar.
Opne for jobbskifte
Finn-tala er heilt i tråd med forventingane til Christian Børresen, marknadsdirektør i HR- og bemanningsselskap Randstad. Dei har nyleg gjennomført ei undersøking som viser at svært mange nordmenn er opne for å skifte jobb.
Av dei 800 arbeidstakarane som deltok i undersøkinga, svarte 51 prosent at dei i løpet av dei siste 18 månadene har vurdert om jobben dei har passar inn i livet dei lever. I tillegg har 30 prosent vurdert dette til ein viss grad.
Faresignal
– At åtte av ti har vurdert noverande arbeidsplass i lys av pandemien synest vi er eit svært høgt tal og eit faresignal til arbeidsgivarane, seier Børresen.
Tal frå Randstad viser at omtrent 25 prosent av alle arbeidstakarar skifter jobb i løpet av eit år.
– Sjølv om det ikkje er ei drastisk endring, ser vi at jobbskiftetakta stadig aukar, seier Børresen. Han trur at mange som berre har jobba på heimekontor, vil ha eit langt svakare forhold til arbeidsgivar enn normalt.
Publisert: 11.01.2022 13:55
Sist oppdatert: 11.01.2022 13:55