Eirik Kavli Ørskog Sparebank foto Ogne
MINDRE AKTIVITET: Aktiviteten i bustadmarknaden har dabba av og Ørskog Sparebank-sjef Eirik Kavli ventar at utlånsveksten blir lågare i år enn i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordresultat i Ørskog

God utlånsvekst i fjor. Kraftig redusert aktivitet i bustadmarknaden i år.

09.03.2023

Resultatet etter skatt i 2022 er det beste Ørskog Sparebank har hatt (sjå tabell under).

Med stigande rentenivå har bankane auka rentemarginen - skilnaden mellom rente på utlån og rente på innskot. Det gjeld også Ørskog Sparebank, og vil slå positivt ut på lønsemda også i 2023.

- Eg trur det vil bli eit bra år også i 2023, mykje på grunn av rentenettoen, seier administrerande direktør Eirik Kavli i Ørskog Sparebank,

Utlånsvekst i fjor - slappare i år
Banken hadde ein utlånsvekst på 9,5 prosent i fjor. Omlag 80 prosent av utlåna i banken går til privatkundar, det utlån til bustadbygging og -kjøp er det som tel mest.

Les børsmelding her

Aktiviteten i bustadmarknaden er reduserte kraftig, og om det held seg framover vil banken ikkje få same utlånsvekst i år som i fjor, ventar Kavli.

Skiftar it-system
I løpet av første halvår skiftar banken it-system. Det er ein tid- og arbeidskrevande prosess som kjem til å gjere at banken blir mindre aktiv i utlånsmarknaden i første halvår.

Det vil også få ein verknad på utlånsveksten, ifølgje Kavli.

Ørskog Sparebank
Tal i mill. kroner20222021
Inntekter90,976,0
Resultat før tap50,743,4
Resultat før skatt36,929,0
Resultat etter skatt28,422,1

Publisert: 09.03.2023 10:25

Sist oppdatert: 09.03.2023 11:33

Mer om