Forsking og utviklingsprosjektet er det største Paneda hittil har gjennomført.
Paneda har Innovasjon Noreg med på laget, og då støtta på 3,6 millionar kroner frå Innovasjon Noreg kom på plass i oktober i år gjekk startsignalet for prosjektet.
Administrerande direktør Geir Gjørsvik i Paneda vil førebels ikke seie anna enn at det handlar om å utvikle produkt som "tek dab-teknologi i bruk på nye område". Går alt etter planen kan dei første produkta frå prosjektet lanserast neste år.
Framleis står omlag halvparten av tunnelane over 500 meter att å monter dab-anlegg i, men framover er det snakk om utbygging tunnel for tunnel, og ikkje oppdrag med mange tunnelar i slengen, i følgje Bjørsvik. Han anslå at det er snakk om oppdrag for 200-300 millionar kroner fram til 2025, då målet er at alle tunnelane skal ha fått dab-anlegg på plass.
Paneda sitt produkt, Dab Head-end, er eit system som gjer lyd om til digitale signal før dei blir sendt ut til dabradioane.
Systemet kom på marknaden i 2016 og blei utvikla saman med fleire samarbeidspartnarar, mellom dei NRK, P4 og svenske Teracom.
Det utviklingsprosjektet hadde ein prislapp på 7,5 millionar kroner.
Paneda har 21 tilsette, 16 av dei knytt til hovudkontoret i Selje, fem i dotterselskapet i Sverige. Paneda-systemet består av to selskapsgrupperingar, Paneda (TV-teknologi) og Paneda Dab as/Paneda Tech AB (dab-radioteknologi).
Eigarane er Oddvar Flølo, Geir Gjørsvik og Tom Ludvig Joensen.
Paneda har Innovasjon Noreg med på laget, og då støtta på 3,6 millionar kroner frå Innovasjon Noreg kom på plass i oktober i år gjekk startsignalet for prosjektet.
Administrerande direktør Geir Gjørsvik i Paneda vil førebels ikke seie anna enn at det handlar om å utvikle produkt som "tek dab-teknologi i bruk på nye område". Går alt etter planen kan dei første produkta frå prosjektet lanserast neste år.
Radio og tunnellar
Dab (digital audio broadcasting, digitale radiosignal) har snart erstatt FM-radiosignala i Noreg og er i bruk i rundt 40 land. Paneda har vunne oppdrag med å installere utstyr i over 150 norske tunnelar, som gjer at du kan høyre på dab-radio også i tunnelane. Dotterselskapet Paneda Dab hadde 33 millionar kroner i driftsinntekter i fjor - fire gongar meir enn i 2014 - og sat at med eit overskot før skatt på to millionar kroner.Framleis står omlag halvparten av tunnelane over 500 meter att å monter dab-anlegg i, men framover er det snakk om utbygging tunnel for tunnel, og ikkje oppdrag med mange tunnelar i slengen, i følgje Bjørsvik. Han anslå at det er snakk om oppdrag for 200-300 millionar kroner fram til 2025, då målet er at alle tunnelane skal ha fått dab-anlegg på plass.
Samarbeid med NRK
Det nye forsking og utviklingsprosjektet startar like etter at det førre blei avslutta.Paneda sitt produkt, Dab Head-end, er eit system som gjer lyd om til digitale signal før dei blir sendt ut til dabradioane.
Systemet kom på marknaden i 2016 og blei utvikla saman med fleire samarbeidspartnarar, mellom dei NRK, P4 og svenske Teracom.
Det utviklingsprosjektet hadde ein prislapp på 7,5 millionar kroner.
Paneda har 21 tilsette, 16 av dei knytt til hovudkontoret i Selje, fem i dotterselskapet i Sverige. Paneda-systemet består av to selskapsgrupperingar, Paneda (TV-teknologi) og Paneda Dab as/Paneda Tech AB (dab-radioteknologi).
Eigarane er Oddvar Flølo, Geir Gjørsvik og Tom Ludvig Joensen.
Publisert: 13.12.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16