Rekordsommar paa ferjekaia
AUKE: Inga Ågotnes i Sunde Fjord Hotel har vekst både i næringstrafikk og turiustmarknaden så langt i år. 
Nytt

Rekordsommar på ferjekaia

Sunde Fjord Hotel er på veg mot sin beste sommar nokon sinne. Har oppsving også i næringslivsmarknaden.

28.05.2019
- Det blir eit kjempeår i år, seier eigar og dagleg leiar Inga Ågotnes i Sunde Fjord Hotel.
I 2018 var deler av hotellet ved ferjekaia i Solevågen stengt for oppussing deler av året. Det er grunnen til ein reduksjon i driftsinntektene i 2018 (sjå tabell).
I år er det imidlertid full drift.

Oppsving i arbeidesmarknaden

Sunde Fjord Hotel hadde tidlegare ein stor del av inntektene sine frå utleige av rom til arbeidsfolk på oppdrag i den maritime industrien på Nordvestlandet. Då oljeprisen fall og oppdragsmengda på verfta minka kom vekst i turistmarknaden inn som er kjærkomen erstatning.
I vinter var det ei klar betring i utleige til folk på lengre oppdrag for næringslivet igjen. Mellom anna bruke Vard hotellet til å huse folk som arbeidde på Vard Langsten.
Samstundes er turistmarknaden god.
- Dette blir den beste sommaren vi har hatt, seier Ågotnes.

God lønsemd

I 2017 var Sunde Fjord Hotel hotellet med best lønsemd på på Nordvestlandet.

Fire hotellselskap hadde ein resultatmargin (resultat før skatt i prosent av driftsinntektene) på over 10 prosent, og på topp låg Sunde Fjord Hotel med 16 prosent.
I fjor blei resultatmarginen 9,3 prosent.

Publisert: 28.05.2019 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35