(NPK-NTB): BNP for Fastlands-Noreg auka med 3,7 prosent i juni, men ikkje nok til å hente inn nedgangen frå i vår. Nedgangen i andre kvartal er større enn nokon gong.
Aktiviteten i norsk økonomi fall brått etter innføringa av kraftige smitteverntiltak 12. mars. BNP for Fastlands-Noreg gjekk ned 7,3 prosent i mars, og ytterlegare 4,1 prosent ned i april.
I mai og juni auka aktiviteten markert, men aktivitetsnivået i juni var likevel nesten 6 prosent lågare i juni enn i februar.
– Det største bidraget til juni-veksten kom frå helse- og omsorgstenester. Dette kjem av i hovudsak av at aktiviteten på sjukehusa har komme tilbake til normalt nivå, seier seksjonssjef for Nasjonalrekneskapet i SSB, Pål Sletten.
– Vi har vore nøydde til å ta i bruk nye datakjelder for å fange opp heilt uvanlege omveltingar i norsk økonomi. Tala kan bli reviderte etter kvart som vi får betre datagrunnlag, seier han.
SSB har kvartalsvis nasjonalrekneskap tilbake til 1978. Fram til no vart den største nedgangen registrert under finanskrisa. I fjerde kvartal 2008 gjekk BNP ned 2,3 prosent.
– Etter den dramatiske nedgangen i aktiviteten i mars og april var fastlandsøkonomien i juni under halvvegs tilbake frå botnpunktet. Dermed vart andre kvartal nesten tre gonger så ille som det verste kvartalet under finanskrisa, seier Pål Sletten.
Eksporten frå Noreg fall med nesten 9 prosent i andre kvartal, medan importen fall med 17 prosent i kvartalet. Både import- og eksport-talet blir trekt kraftig ned på grunn av redusert reiseverksemd i denne perioden.
(©NPK)
Brått fall
I andre kvartal i år gjekk bruttonasjonalproduktet (BNP) ned med 6,3 prosent, som er det største fallet nokon gong har målt for eit kvartal.Aktiviteten i norsk økonomi fall brått etter innføringa av kraftige smitteverntiltak 12. mars. BNP for Fastlands-Noreg gjekk ned 7,3 prosent i mars, og ytterlegare 4,1 prosent ned i april.
I mai og juni auka aktiviteten markert, men aktivitetsnivået i juni var likevel nesten 6 prosent lågare i juni enn i februar.
– Det største bidraget til juni-veksten kom frå helse- og omsorgstenester. Dette kjem av i hovudsak av at aktiviteten på sjukehusa har komme tilbake til normalt nivå, seier seksjonssjef for Nasjonalrekneskapet i SSB, Pål Sletten.
Verre enn finanskrisa
Også overnattings- og serveringsverksemd, kultur og anna tenesteyting har bidrege til veksten. Men Sletten påpeikar at det er større uvisse enn vanleg ved tala i denne perioden.– Vi har vore nøydde til å ta i bruk nye datakjelder for å fange opp heilt uvanlege omveltingar i norsk økonomi. Tala kan bli reviderte etter kvart som vi får betre datagrunnlag, seier han.
SSB har kvartalsvis nasjonalrekneskap tilbake til 1978. Fram til no vart den største nedgangen registrert under finanskrisa. I fjerde kvartal 2008 gjekk BNP ned 2,3 prosent.
– Etter den dramatiske nedgangen i aktiviteten i mars og april var fastlandsøkonomien i juni under halvvegs tilbake frå botnpunktet. Dermed vart andre kvartal nesten tre gonger så ille som det verste kvartalet under finanskrisa, seier Pål Sletten.
Eksport og import ned
Forbruket til hushalda auka med rundt 5 prosent i mai og nesten 9 prosent i juni, men sett under eitt var det i andre kvartal likevel ein nedgang på 10,3 prosent i forbruket til hushalda.Eksporten frå Noreg fall med nesten 9 prosent i andre kvartal, medan importen fall med 17 prosent i kvartalet. Både import- og eksport-talet blir trekt kraftig ned på grunn av redusert reiseverksemd i denne perioden.
(©NPK)
Publisert: 25.08.2020 11:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01