Bilhallen Ulsteinvik foto Bilhallen Ulsteinvik
OPPTUR: Bruktbilmarknaden fekk ein opptur i fjor, og det merka mellom andre Bilhallen i Ulsteinvik.
Nytt

Rekordår for bilforretningar

Både Bilhallen i Ulsteinvik og Ulstein Bil sette salsrekordar i fjor.

19.07.2021

- Største utfordringa i fjor var å skaffe nok bruktbilar, seier salssjef Frank Hofseth i Bilhallen Ulsteinvik, eit selskap som i hovudsak driv bruktbilhandel.

Året enda med salsrekord, og selskapet ligg så langt an til eit sal på line med fjoråret og betre lønsemd, ifølgje Hofseth.

Bråstopp i mars
Bilsalet fekk ein bråstopp då den verdsomspennande koronaepidemien kom i mars i fjor og vart labert også i april.

Utover våren såg Hofseth imidlertid at færre og færre bruktbilar vart lagt ut på nettstaden Finn.no. Då fekk han trua på at salet skulle svinge seg opp, og det gjorde det.

- Den aktiviteten byrja i mai og eksploderte i juni og juli, og så fortsette det bra utover heile året, seier Hofseth.

Prisauke
Folk som eller reiser til utlandet skulle på Norgesferie i koronaåret og nybilforhandlarane hadde vanskar emd å levere no. Det dreiv bruktbiletterspørselene i veret, og slo ut på hausten også ut i stigande prisar, ifølgje Hofseth.

I år har bruktbilprisane flata ut, og også falle litt på einskilde modellar, seier han.

Rekordår
Nybilforhandlarane på Sunnmøre held til i Ålesund og Ørsta/Volda. Unntaket er Mazda og Hyundai-forhandlar Ulstein Bil i Ulsteinvik.

Frå 2019 til 2020 auka driftsinntektene til Ulstein blir frå 66,6 til 74,3 millionar kroner. Det er andre år på rad med vekst. I åra 2015-2018 låg driftsinntektene rundt 50 millionar kroner årleg.

Ulstein Bil as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt74,366,6
Driftsresultat1,61,1
Resultat før skatt1,21,1
Bilhallen Ulsteinvik as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt43,938,1
Driftsresultat0,7-0,1
Resultat før skatt0,4-0,5

Publisert: 19.07.2021 11:06

Sist oppdatert: 19.07.2021 13:25

Mer om