Hjelle Hotell har aldri gjort det betre enn i 2014, og eigar og drivar Lorentz Hjelle ventar at 2015 skal bli enda betre.
Lorentz Hjelle er fjerde generasjon eigar og drivar av det vesle hotellet ved Strynsvatnet.
Heilt frå det blei skysstasjon her då Strynefjellsvegen vart opna på slutten av 1800-talet har familien drive hotell på Hjelle, og i 2014 oppnådde hotellet ei lønsemd dei fleste storhotell vil vere misunneleg på.
Hotellet har og greidd å gjere mykje av trafikkauken om til større lønsemd, og har ein resultatgrad i 2014 (resultat før skatt i prosent av driftsinntekten) på over ti prosent (sjå tabell).
Hittil i år er førehandsbestillingane større enn på same tid i fjor.
- Det bør bli eit betre år enn i 2014, seier Lorentz Hjelle om utsiktene for 2015.
Etter vegomlegginga endra kundemassen seg, til ei kundegruppe som gav betre avkastning. Hotellet lokkar med romatiske omgjevnader og -rom, og i dag er den typiske kundene gjerne eit par på 40 og oppover. 75 prosent av kundane kjem frå utlandet, og alle er individuelle reisande.
Hotellet er eit reindyrka sommarhotell, som opnar rundt 1. mai og stenger rundt 20. september.
Lorentz Hjelle er fjerde generasjon eigar og drivar av det vesle hotellet ved Strynsvatnet.
Heilt frå det blei skysstasjon her då Strynefjellsvegen vart opna på slutten av 1800-talet har familien drive hotell på Hjelle, og i 2014 oppnådde hotellet ei lønsemd dei fleste storhotell vil vere misunneleg på.
Gevinst på bookingsystem
Eit nytt bookingsystem som gav betre samordning med ei nettbasert reisebyrå, auka trafikk frå nokre turoperatørar og det gode vêret sommarne 2014 var med på å gjere at driftsinntektene skaut i veret.Hotellet har og greidd å gjere mykje av trafikkauken om til større lønsemd, og har ein resultatgrad i 2014 (resultat før skatt i prosent av driftsinntekten) på over ti prosent (sjå tabell).
Hittil i år er førehandsbestillingane større enn på same tid i fjor.
- Det bør bli eit betre år enn i 2014, seier Lorentz Hjelle om utsiktene for 2015.
Meir romantikk
Fram til 1996 svinga hovudvegen mellom Stryn og Austlandet rett forbi inngangen til Hjelle Hotel. Då utgjorde turistar som køyrde ski på Stryn Sommarskisenter på Strynefjellet ein viktig del av kundemassen. I dag går hovudvegen gjennom fjellet, og du må ta ein liten omveg for kome fram.Etter vegomlegginga endra kundemassen seg, til ei kundegruppe som gav betre avkastning. Hotellet lokkar med romatiske omgjevnader og -rom, og i dag er den typiske kundene gjerne eit par på 40 og oppover. 75 prosent av kundane kjem frå utlandet, og alle er individuelle reisande.
Fullt hus
I høgsesongen midt på sommaren har Hjelle Hotel fullt hus i ein månads tid. Då er alle dei 18 roma på på hotellet, og dei 12 roma på nyare motellet leigd vekk.Hotellet er eit reindyrka sommarhotell, som opnar rundt 1. mai og stenger rundt 20. september.
Publisert: 13.04.2015 14:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43