Rekordår for Metizoft
Dobla inntektene og mangedobla overskotet i sine norske selskap.
EU sitt nye regelverk for dokumentasjon av farleg materiale ombord i skip tok til å gjelde ved utløpet av 2020.
For Metizoft i Herøy, som har spesialisert seg på innsamling av slik dokumentasjon, betyr det at selskapet har fått meir og meir å gjere etterkvart som fristen for å ha alt på stell nærma seg.
Det toppa seg i fjor, med ei dobling av dei samla inntektene til Metizoft og datterselskapet Metizoft Enviro (sjå tabell). Metizoft samlar inn dokumentasjon, medan Metizoft Enviro driv inspeksjon.
2020 blei eit rekordår, seier dagleg leiar, grunnleggar og hovudaksjonær Gry Cecile Sydhagen. I år er inntektene og lønsemda mindre.
Les også
Må ha sertifikat
EU-reglane krev at alle skip som seglar i, eller til og frå EU, må ha sertifikat som dokumenterer eventuelt farleg materiale i skipa.
Metizoft-konsernet sine norske selskap arbeider i den internasjonale marknaden og konsernet har også eit datterselskap i Shanghai og eitt i Singapore. Heile konsernet hadde 125 millionar kroner i driftsinntekter i fjor, ein auke frå 50 millionar kroner i 2019. (Selskapet offentleggjer ikkje konsernreknskap).
Selskapet i Singapore hadde eit overskot på 11,3 millionar kroner i 2020, selskapet i Shanghai eit overskot på 0,8 millionar kroner.
Konsernet har 55-60 tilsette.
Tek utbytte
Etter 2020 tok eigarane ut 18,2 millionar kroner i utbytte.
- Bygge krigskasse, seier Sydhagen om kva utbyttet skal brukast til.
Det er første gang selskapet betaler ut eit større utbytte, og Sydhagen seier rådet selskapet har fått er at eigarane også bør bygge opp eigne reservar.
Ho eig 47,4 prosent av Metizoft gjennom selskapet Southgarden.
Styremedlem Ole Reinhart Notø eig 17,9 prosent gjennom selskapet Høgnabben. Harald Andreas og Torunn Iren Sydhagen eig 10,9 prosent gjennom selskapet Skipsdata. Øyvind Sundgot eig 8,9 prosent gjennom selskapet Sundgot as. Sundgot er leiar for marknad og sal i Metizoft-konsernet.
Styreleiar Jan Rune Dalsøren eig 8,4 prosent gjennom selskapet Metiz Catchlog as.
Resten av aksjane er eigd av Thomas Dalsøren (3,6 prosent) og Frode Remøy (2,2 prosent).
Publisert: 21.09.2021 15:50
Sist oppdatert: 21.09.2021 15:28