Vassendgutane klare for nye konsertar 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
OPPSVING: Koronapandemien gjorde at Vassendgutane måtte sette konsertar på vent, men etterpå har bandet løfta inntektene til nye høgder.
Nytt

Rekordår for Vassendgutane

Festcountrybandet frå Åmdalen har aldri hatt høgare inntekt enn i fjor.

12.07.2024

I åra før koronapandemien kom låg inntektene til Vassendgutane rundt 12 millionar kroner i året i fem år på rad.

I 2022 passerte inntektene førkoronanivå, og veksten held fram i fjor, til ny rekord (sjå tabell).

Berre i etableringsåret 2008 har selskapet Vassendgutane vore i nærleiken av inntektene bandet hadde drog inn i fjor, målt i nominelle kroner. Då var inntektene 17,8 millionar kroner.

Fire eigarar
Selskapet har fire eigarar, bandmedlemane Rune Ståle Brautaset, Arthur Johan Bjørdal, Ernst Olaf Brune og Sindre Aam. Dei eig ein fjerdepart kvar i selskapet.

Vassendgutane har gått i pluss kvart år sidan starten og har bygd opp ein eigenkapital på 16 millionar kroner. Selskapet har ikkje langsiktig gjeld.

7,8 millionar kroner står i banken og selskapet eig aksjar som er bokført til 4,8 millionar kroner.

Vassendgutane as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt19,814,1
Driftsresultat3,93,0
Resultat før skatt4,53,0

Publisert: 12.07.2024 10:01

Sist oppdatert: 12.07.2024 10:01

Mer om