Veterinær illustrasjonsfoto foto wiki commons 11
Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons CC BY-SA 3.0
Nytt

Rekordår for veterinærklinikk

Nebb og Klør-klinikken i Skodje har dobla omsetninga på to år.

Marius Rosbach
22.03.2021

Veterinærklinikken Nebb og Klør ved Skodje fekk eit rekordår i 2020 med ei auke i omsetninga på drygt 40 prosent frå året før.

Ifølgje årsrekneskapen blei omsetninga 2,3 millionar kroner (sjå tabell under). I 2019 før var inntektene på 1,6 millionar, medan den var på drygt 1,1 million året før.

Veterinærklinikken Nebb og Klør AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 2,3 1,6
Driftsresultat 0,3 0,2
Res. før skatt 0,3 0,1

Også lønnsemda blei god i fjor med ein driftsmargin på drygt ti prosent.

Selskapet er eigd av styreleiar Sherryl Lynn Spencer og hadde to årsverk ved utløpet av året. Dagleg leiar for veterinærklinikken er Vicky-Lynn Spencer Brastad.

Sistnemnte er også dagleg leiar i det nystarta Purrelia Kattepensjonat. Også her er Sherryl Lynn Spencer med på eigarsida saman med Chris-André Spencer og Dag Henning Loe Olsen i selskapet Sos Finans.

Publisert: 22.03.2021 05:55

Sist oppdatert: 21.03.2021 23:36

Mer om