NTB u0jn Q Chc Nyg 1 IKKJE BRUK
ENDESTASJON FOR BERGEN-ÅLESUND?:Hurtigbåtar ved kai i Ålesund. Illustrasjonsfoto: Bjørn Ivar Voll / NPK
Nytt

Relanserer hurtigbåt Bergen-Ålesund

Nordfjordrådet skal vurdere om hurtigbåt mellom Ålesund og Bergen er liv laga.

NPK
28.09.2021

NPK: Under eit møte i Nordfjordrådet tok ordførar i Kinn, Ola Teigen, initiativ til diskusjon om hurtigbåtrute frå Bergen til Ålesund.

Ønsket om ei hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund har vore diskutert i rådet tidlegare og spelt inn til fylkeskommunen. Då bar innspelet ingen frukter grunna utfordringar med å få til heile strekninga.

Skipstunnelen opnar for rute
I etterkant har det blitt vedteke å bygge Stad skipstunnel. Teigen seier det kan vere ein gyllen anledning for å reise saka på nytt, skriv Fjordenes Tidende.

– Vi må formidle at vi no har sjansen til å tenkje på innovasjon og lokale verdikjeder. Dette er noko som kan sette Vestland og Møre og Romsdal i ein internasjonal leiande posisjon innan nullutsleppsløysingar for hurtigbåt.

Vidare ønskjer han at Nordfjordrådet kan kople på Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Vi har også mange fylkespolitikarar som er opptekne av denne saka, så eit samarbeid der trur eg er veldig viktig, seier ordførar i Vanylven kommune, Lena M. Landsverk.

Etter innspelet frå Teigen vart det vedteke at saka skal behandlast i neste møte i Nordfjordrådet.


Publisert: 28.09.2021 16:42

Sist oppdatert: 28.09.2021 16:43