Rem kontrakt for Evotec
TIL USA: Evotec-anlegga klar til utskiping. Dei skal brukast på ein Rem Offshore-båt i USA. 
Nytt

Rem-kontrakt for Evotec

Leverer anlegg for å sette ut og hente inn fjernstyrte ubåtar. 

16.12.2020
Rem Offshore har kjøpt to såkalla «LARS-system» frå Evotec i Ulsteinvik. Systema er no på veg til Miami i Florida, USA, for installasjon om bord i eit Rem Offshore-farty som opererer i Mexicogolfen.
LARS er fortkortinga for «Launch and Recovery System», utstyret som blir brukt for å sette ut, styre og hente inn at fjernstyrte ubåtar. Desse blir mellom anna brukt til inspeksjon og arbeidsoppgåver under vatn.
Partane har ikkje opplyst storleiken på kontrakten, men det er snakk om ein «ganske stor» kontrakt, seier Torkjell Ringstad, leiar for sal og marknadsføring i Evotec.
– Vi har bistått reiar med design og integrering om bord i båten. Dette gjeld ikkje berre sjølve LARS-einheitene men også infrastrukturen rundt, med elektro-tavler, elektro-berekningar, struktur-berekningar og liknande. Vi har hatt ein veldig god dialog med kunde, og gler oss til å bistå vidare i prosjektet, til installasjon, kommisjonering, og oppstart utpå ny-året. Vi har god kapasitet og har levert på tid og budsjett, seier prosjektleiar Helge Warholm i Evotec i ei pressemelding.
Det nye systemet er bygd for å gjenvinne energi.
– Vi leverer her to nye LARS med full regenerering. Dette betyr at vinsjen vil virke som ein generator og produsere straum som vi rensar og leverer tilbake til andre brukarar om bord i båten når den er i aktiv hiv-kompensering. Med andre ord - våre løysingar er med på å spare både miljø og drivstoff, som igjen vil gjere det meir lønsamt for kunden å bruke denne type anlegg, seier Torkjell Ringstad.
Våre løysingar er med på å spare både miljø og drivstoff

Publisert: 16.12.2020 22:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09