Rem overtar Solstad skip
MYKLEBUST: Normand Skude, tidlegare Rem Arctic, er inne til femårsklassing ved Myklebust Verft, fem år etter dåpen i Fosnavåg. No vert skipet på nytt styrt frå Herøy. Bak Normand Skude ligg Røkke-skipet Akofs Seafarer.
Nytt

Rem overtar Solstad-skip

Rem Arctic - no Normand Skude - var det nyaste skipet i Rem-flåten før Solstad Offshore overtok. No overtar Rem på nytt ansvaret.

06.05.2020
- Båten hadde garantert ikkje vorte bestilt i dag, men no må vi berre gjere det beste ut av situasjonen.
Det sa Rem Offshore-direktør Åge Remøy til NETT NO etter dåpen av Rem Arctic i mai 2015, Rem Offshore sin siste PSV til 345 millionar kroner.

16 skip til Solstad

Året etter var Rem Offshore overtatt av Solstad Offshore etter at Remøy hadde tapt kampen om selskapskontrollen mot Lars Peder Solstad og Kjell Inge Røkke.
Etter det NETT NO kjenner til får Rem no tilbake ansvaret for skipet, i første omgang driftsansvaret, som det første frå den gamle Rem-flåten.
Totalt 16 tidlegare Rem-skip vart overtatt av Solstad Offshore, inkludert Rem Arctic, som vart omdøypt til Normand Skude.

Russland-oppdrag

No ligg skipet ved Myklebust Verft for å gjennomgå ei 5-års klassing, omtrent på dagen fem år etter båten blei døypt i Fosnavåg.
Etter det NETT NO kjenner til skal båten på oppdrag i Russland.
Adm. dir. Fredrik Remøy i Rem vil ikkje stadfeste NETT NO sine opplysningar.
- Dette er ikkje noko eg kan kommentere, men på generell basis kan eg seie at vi alltid er på utkik etter nye mulegheiter, seier Remøy.

Arktiske operasjonar

Det Kleven-bygde skipet er 87,2 meter langt, 20 meter breidt og har eit dekksareal på 1000 kvadratmeter.
Skipet er innreidd for 24 personar, og er spesialbygd for operasjonar i Arktis.
Dåpen i 2015 skjedde inne på Fosnavåg hamn, og gudmor var Sara Remøy på ti år, Åge Remøy sitt eige barnebarn.
Åge Remøy sa då til NETT NO at det ikkje er dei dårlege tidene for offshorereiarlaga som gjer at ein tyr til så unge gudmødre.
- Nei, tvert imot. Det er kjekt å sjå at den neste generasjonen, og generasjonen deretter, engasjerer seg i selskapet. Det lovar godt.
- Det kjem tider også etter dette.
Og det gjorde det.

Medan , og har sagt ja til å selje/skrape inntil 37 skip, har Åge Remøy bygt opp eit nytt slagkraftig offshoreselskap.

Ti skip

Før overtakinga av Normand Skude, har nye Rem ti skip fordelt på seks PSV-ar, to konstruksjonsskip og to seismikkskip.
Selskapet har også overtatt dei gamle Rem-kontora i Fosnavåg sentrum, og har no rundt 400 sjøfolk og 25 tilsette på land.
Åge Remøy starta det nye selskapet i tett samarbeid med islandske Thorsteinn Mar Baldvinsson og svensk-sveitsiske Magnus Roth.
Trioen la 500 millionar kroner på bordet for å byggje opp att eit offshoreselskap nord for Stad.
Fredrik Remøy styrer no Rem-skuta, men faren Åge er aktiv styreleiar.

Publisert: 06.05.2020 13:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56