Nytt
Rem overtek Kleven-PSV
Herøy-reiarlaget kjøper det mykje omtala skroget ved Green Yard Kleven.
Marius Rosbach
17.12.2020
Onsdag inviterer Green Yard Kleven pressa for å presentere ei «svært gledeleg nyheit».
NETT NO veit at nyheita er at Herøy-reiarlaget Rem Offshore blir den nye eigaren av skipet, som Kleven har forsøkt å selje i lengre tid. Verftet har ikkje stadfesta opplysningane onsdag morgon, men det er venta at det blir sendt ut ei pressemelding om saka seinare.
Etter det NETT NO kjenner til, var Kleven og Rem samde allereie i førre veke. Planen til reiarlaget er å fullføre skipet til bruk i vindmarknaden, og ein avtale om eit oppdrag til reiarlaget skal ha vore det siste som fall på plass og spikra avtalen. Det skal dreie seg om eit oppdrag for Siemens med oppstart allereie første kvartal neste år.
Reiarsjef Fredrik Remøy seier til NETT NO onsdag morgon at han ikkje kan kommentere saka.
I heile haust har verftsdirektør Kjetil Bollestad vore optimistisk om moglegheitene til å få selt og bygd ferdig skipet. Ei slik kontrakt er viktig for at verftet skal få fleire folk i arbeid.
Tidlegare har det vore antyda at det kan gi arbeid til kring 50 tilsette på verftet, og truleg oppdrag til fleire underleverandørar i tillegg.
Etterpå overtok det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing Shipping kontrakten på skipet, som igjen blei kansellert i samband med konkursen i sommar.
Rem-reiarlaget var i sommar også mellom dei aktuelle kjøparane av verftet, men kanselleringa av det omtala skipet, sette ein stoppar for det, har Åge Remøy tidlegare.
NETT NO veit at nyheita er at Herøy-reiarlaget Rem Offshore blir den nye eigaren av skipet, som Kleven har forsøkt å selje i lengre tid. Verftet har ikkje stadfesta opplysningane onsdag morgon, men det er venta at det blir sendt ut ei pressemelding om saka seinare.
Avtalen stadfesta:
Etter det NETT NO kjenner til, var Kleven og Rem samde allereie i førre veke. Planen til reiarlaget er å fullføre skipet til bruk i vindmarknaden, og ein avtale om eit oppdrag til reiarlaget skal ha vore det siste som fall på plass og spikra avtalen. Det skal dreie seg om eit oppdrag for Siemens med oppstart allereie første kvartal neste år.
Reiarsjef Fredrik Remøy seier til NETT NO onsdag morgon at han ikkje kan kommentere saka.
Gir arbeid til fleire
Pressa er invitert til verftet klokka 13 og då vil også Green Yard-sjefen Hans Jørgen Fedog vere til stades - pluss «nokre til», ifølgje invitasjonen. NETT NO deltek på pressetreffet og kjem med meir om saka då.I heile haust har verftsdirektør Kjetil Bollestad vore optimistisk om moglegheitene til å få selt og bygd ferdig skipet. Ei slik kontrakt er viktig for at verftet skal få fleire folk i arbeid.
Tidlegare har det vore antyda at det kan gi arbeid til kring 50 tilsette på verftet, og truleg oppdrag til fleire underleverandørar i tillegg.
Blei bestilt i 2014
Skipet vart bestilt i 2014 av Fafnir Offshore, og skulle byggjast ved Havyard Leirvik. Men avtalen vart utsett fleire gongar, før den blei kansellert grunna manglande finansiering.Etterpå overtok det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing Shipping kontrakten på skipet, som igjen blei kansellert i samband med konkursen i sommar.
Rem-reiarlaget var i sommar også mellom dei aktuelle kjøparane av verftet, men kanselleringa av det omtala skipet, sette ein stoppar for det, har Åge Remøy tidlegare.
Les også:
Publisert: 17.12.2020 11:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:08