Rempro paa partnarjakt
STOLPESATSING: Stein Inge Rem satsar på at marknaden vil ha stolpar i kompositt når det ikkje lenger blir lov å bruke trestolpar impregnet med kreosot. 
Nytt

Rempro på partnarjakt

I løpet av året håpar Stein Inge Rem hos Rempro på å ha fått med seg ein partnar som skal bane veg for Rempros eigenutvikla stolpe i kompositt.

26.05.2018
Frå 2022 er det over og ut for trestolpar impregnerte i kreosot. Kreosot er miljøskadleg og allereie forbode i privat bruk. Men mangel på altarnativ gjorde at stolpelevarandørane fekk forlenge fristen til å finne alternativ til kreosot, frå 2018 til ut 2021.
Då håpar Stein Inge Rem i Rempro på å vere på plass med komposittstolpen sin. Den skal vere både forureiningsfri og vedlikehaldsfri. Men konkurransen frå tunge aktørar, mellom andre stålstolpeleverandørar, gjer at han vil har med ein partnar som skal gi skikkeleg tyngde i marknadsarbeidet.

Treng allianse

- Vi må ha med ein større aktør for å klare å kome inn på marknaden, seier Rem.
Han ser for seg eit samarbeid der Rempro leverer stolpane, medan partnaren leverer utstyret som skal monterast på stolpane, og også står for marknad- og salsarbeidet.
Pr. i dag har Rempro 40-50 stolpar ute til testing hos fem-seks potensielle kundar. Rem meiner han bør han på plass ein partnar i løpet av året for å få nok tid til å innarbeide stolpen i marknaden, før det ikkje lenger blir lov å sette opp kreosotimpregnerte trestolpar.

Frå mjølk og jordbær til kompositt

Den tidlegare mjølke- og jordbærbonden kjøpte utstyr frå sin tidlegare arbeidsgivar Laader Berg og etablerte Rempro då Laader Berg la ned avdelinga i Valldal i 2004.
Han etablerte produksjon i ein tidlegare møbelfabrikk i Liabygda i Stranda, der det i dag er ni tilsette. Rempro er i ferdig med å utvide for rundt bygget med ny lakkavdeling til fem millionar kroner, og hadde i fjor si høgaste driftsinntekt nokon sinne i fjor (sjå tabell). Selskapet har hatt god lønsemd sidan starten. Etter at det blei aksjeselskap i 2008 har driftsresultatet i prosent av driftsinntektene aldri vore under 17 prosent.

Lever av oppdrett

Rem har størst forventingar til vekst i stolpemarknaden om han lukkast der, men i dag er det oppdrettsmarknaden som veg tyngst for selskapet. Rempro lagar mellom anna stenger i kompositt som blir brukt til å halde oppe nett for å halde fuglane unna oppdrettsanlegga.

Også i andre marknadar gjekk det bra i fjor. I år ventar Rem ein mellombels nedgang, mellom anna på grunn av tøffare konkurranse frå kinesiske leverandørar i oppdrettsmarknaden.
Vi må ha med ein større aktør for å klare å kome inn på marknaden

Publisert: 26.05.2018 06:00

Sist oppdatert: 18.03.2022 09:46