Remøy forhandlar om fleire bløggebåtar
Even T. Remøy er i forhandlingar med verft om å bygge ytterlegare ein bløggebåt til oppdrettsnæringa, samstundes som han har teke i mot sin bløggebåt nummer to.
I 2016 var Even T. Remøy med på å starte Volt Service, med Remøy Management Holding som største aksjonær. Det var starten på selskapet si satsing på oppdrettsnæringa. No har selskapet to bløggebåtar og eitt fartøy som blir brukt til avlusing, men skal bli større. Remøy er medeigar og dagleg leiar i Remøy Management og i Volt Service.
Les også: Remøy inn i oppdrettsbransjen
- Vi jobbar med fleire og større bløggebåtar, seier Remøy til NETT NO.
Forhandlingane om det første av dei nye bløggebåtane er kome så langt at Remøy håpar å kunne få overlevert Volt Service sitt neste fartøy i løpet av 2021. Remøy ønskjer ikkje å opplyse prisen på fartøya.
Sparer plass
Ein bløggebåt (også kalla slaktebåt) skil seg frå ein vanleg brønnbåt ved at fisken som blir pumpa ombord frå oppdrettsanlegga, blir avliva på båten, før den blir transportert til slakteriet for vidare bearbeiding. (Les meir om bløgging her)
Fordelen med ein bløggebåt samanlikna med ein brønnbåt, er at død fisk treng mindre plass enn levande fisk. Dermed kan også bløggebåtane byggast mindre enn brønnbåtane for å frakte den same fisken.
Kombinasjonsfarty
Går alt etter planen er den nyaste bløggebåten til Volt Service i drift i løpet av juni. Båten er bygd av Moen Marin. Båten har kontrakt med «ein større oppdrettsaktør» og skal gå i sportmarknaden i ledige periodar i følgje ei pressemelding.
Nybygget er ein 15 ganger 12 meter lang katamaran som både kan drive som bløggebåt, og servicebåt for oppdrettsnæringa. Båten er blant anna utstyrt med to kraner som gjer at den kan løfte nøter og tungt utstyr. Den har plass til eit mannskap på seks, fordelt på to einmannslugarar og to tomannslugarar.
Bløggeanlegget ombord er levert av Optimar.
Bygde om
Volt Service døypte sin første båt våren 2018. Det var «Volt Processor», som er utstyrt med avlusingaanlegg.
I samband med dåpen sa Remøy til NETT NO at selskapet ville bygge tre bløggebåtar.
Les meir: Volt skal byggje slaktebåtar
Undervegs blei planane endra. For å kome raskare i gang fekk selskapet bygd om ein oljevernbåt til bløggebåt i fjor i staden for å bygge ny.
I tillegg til oppdrettsatsinga driv Remøy Management tre kystvaktfartøy og eitt støttefartøy til marinen og eitt kabelleggingsfarty.
Publisert: 09.06.2020 10:21
Sist oppdatert: 08.07.2022 12:21