Remøy Group får pusterom til 2022
Remøy Group og kreditorane er samde om refinansiering.
Tre moderne båtar som går ut av lange kontraktar i år og neste år er grunnen til Remøy Group har arbeidd med ei ny avtale med kreditorane.
Les også: Bur seg på refinansiering
No er avtalen i boks, og den gir pusterom for Remøy Group fram til ut i 2022 seier administrerande direktør Karl Johan Bakken.
Ikkje meir eigenkaptial
Bakken vil ikkje kommentere detaljar i refinansiering av refinansieringsavtalen, men seier den ikkje omfattar ny eigenkapital til selskapet. Det betyr mellom anna at det ikkje blir noko endring på eigarsida.
Remøy Group er eigd av Line Remøy Strømsvik, Helene Remøy, Sissel Oterhals Remøy og Joakim Remøy.
Kreditorane har gått med på å utsette avdrag, "som gir oss pusterom til utgangen av 2022", seier Bakken.
Tre skip
"Rem Eir" går ut av kontrakt i haust. Den har gått på ein langvarig kontrakt og er no inne i sin første opsjonperiode.
"Rem Mist" og "Rem Hrist" går ut av lange kontraktar neste år.
Alle tre skipa er plattformforsyningsskip gjennom refinanansiering vil Remøy Group sikre seg at selskapet kan leve med inntektsfall frå dei tre skipa når dagens kontraktar går ut.
I tillegg til dei tre plattformforsyningsskipa eig selskapet eitt seismikkservicefarty (som ligg i opplag), eitt kystvaktskip og eit forskingsfarty. I tillegg har selskapet management på seks skip for Nordic American Shipping.
Publisert: 06.06.2018 14:34
Sist oppdatert: 21.07.2022 14:56