Remoey inn i oppdrettsbransjen
NY SATSING: Even T. Remøy (biletet) og leppefisk-aktør Robert Søviknes er blant stiftarane av Volt, eit nytt servicebåt-selskap for oppdrettsbransjen.
Nytt

Remøy inn i oppdrettsbransjen

Eit nystarta selskap, med Even T. Remøy blant eigarane, satsar mot oppdrettsbransjen. Bestiller skip i Nederland.

02.02.2017
Volt Service as blei skipa 9. november i fjor, med formål å "erverve og drive servicefarty inshore".
Det betyr servicebåt retta mot oppdrettsbransjen, og i går , eit farty som skal leverast frå nederlandske Damen Shipyards i første kvartal neste år.
Fartyet skal kunne utføre fleire operasjonar, men blir spesielt utrusta for avlusning av oppdrettsfisk med eit avlusingsanlegg frå Optimar på dekk.

-Interessant bransje

-Det er ein interessant bransje, seier Even T. Remøy om bakgrunnen for satsinga mot oppdrettsbransjen.
Han vil ikkje kommentere prisen på fartyet, eller om det er planar om ytterlegare kontraheringar.
Han vil heller ikkje kommentere om skipet har oppdrag.
Skipet skal opererast av Remøy Management, der Even T. Remøy er administrerande direktør. Det blir ein ny marknad for managementselskapet, som i dag driv fleire kystvaktskip og offshorefarty, mellom andre fire av skipa til World Wide Supply.

Fleire oppgåver

Det nye fartyet blir 43 meter langt. Det får kran og skal også kunne utføre andre arbeidsoppgåver for oppdrettarane enn avlusing.
Medgrunnleggar Robert Søviknes i Volt er dagleg leiar i leppfiskselskapet Søsand Leppefisk i Haram.
Båtsatsing gjer det råd å utvide tilbodet til oppdrettarane ut over å levere leppefisk. (Leppesfisk beiter på lakselus som har festa seg på laksen, og er eitt av midla oppdrettsnæringa brukar til å redusere problemet med lakselus).
- vi blir i stand til å levere ein større pakke til oppdrettarane, seier Søviknes.
Det er ein interessant bransje

Publisert: 02.02.2017 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05