Torsdag kveld i førre veke fekk Rem Offhore eit ultimatum på bordet. Sei ja til å slå saman selskapet med Solstad Offshore, eller få refinansieringsplanen nedstemt på obligasjonseigarmøtet i dag.
Rem Offshore sa nei.
- Resultatet er det som har skjedd i dag, seier Åge Remøy.
Rem Offshore fekk ikkje nok støtte frå obligasjonseigarane til refinansieringsplanen som er lagt på bordet.
- Dette var ikkje det vi hadde sett føre oss då vi åt bløtkake her, seier Remøy etter at refinansieringsplanen fekk tommelen ned i det eine lånet.
I følgje Åge Remøy var det Kjell Inge Røkkes Aker, som også er blitt storaksjonær i Solstad Offshore, som kjøpte.
- Eg veit at det var Aker som kjøpte seg opp i den bonden (obligasjonen, red. merk) etter at vi hadde lansert forslag til løysing, seier Remøy.
Etter intervjuet med NETT NO sende Rem Offshore også ut ei børsmelding om at Aker hadde stemnt ned framlegget til refinansiering.
- Vi sa nei til det diktatet, seier Remøy.
Han vil ikkje kommentere kva han trur Aker/Solstad vil gjere vidare.
Rem Offshore sa nei.
- Resultatet er det som har skjedd i dag, seier Åge Remøy.
Rem Offshore fekk ikkje nok støtte frå obligasjonseigarane til refinansieringsplanen som er lagt på bordet.
Trudde det skulle gå
Då Rem Offshore la fram sin refinansieringslan 27. juni trudde storaksjonær og styreleiar Åge Remøy at han mange nok av obligasjonseigarane i ryggen.- Dette var ikkje det vi hadde sett føre oss då vi åt bløtkake her, seier Remøy etter at refinansieringsplanen fekk tommelen ned i det eine lånet.
Aker kom inn
Straks refinansieringsplanen vart lagt fram skifta store eigarpostar i obligasjonslåna eigar. I det minste lånet, på 350 millionar kroner, skifta eigarskapen til 54 prosent av røystene hender i løpet av få dagar.I følgje Åge Remøy var det Kjell Inge Røkkes Aker, som også er blitt storaksjonær i Solstad Offshore, som kjøpte.
- Eg veit at det var Aker som kjøpte seg opp i den bonden (obligasjonen, red. merk) etter at vi hadde lansert forslag til løysing, seier Remøy.
Etter intervjuet med NETT NO sende Rem Offshore også ut ei børsmelding om at Aker hadde stemnt ned framlegget til refinansiering.
Driftskontor i Fosnavåg
I følgje Remøy gjekk Aker-forslaget ut på at eit samanslått Solstad/Rem Offshore skulle få eit driftskontor i Fosnavåg. Aker Solstad og Aker ville få A-aksjar i det samanslåtte selskapet, medan Åge Remøy og resten av Rem-aksjonærane skulle få B-aksjar, der kvar B-aksje hadde ein tiandepart av stemmene til ein A-aksje.- Vi sa nei til det diktatet, seier Remøy.
Startar på nytt
Remøy seier selskapet umiddelbart startar arbeidet med å finne ei ny løysing for selskapet.Han vil ikkje kommentere kva han trur Aker/Solstad vil gjere vidare.
Vi sa nei til det diktatet
Publisert: 23.07.2016 18:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58






