Alle dei 11 skipa til Rem Offshore er i arbeid og i dag melde selskapet at Apache Corporation forlenger avtalen om å leige plattformforsyningskipet Rem Mistral i britisk sektor i eitt år framover. I tillegg har selskapet sikra seg rett til å leige skipet i ytterlegare eitt pluss eitt år.
- Vi kjem også til å kome med fleire positive nyheiter dei komande dagane, seier Rem Offshore-sjef Fredrik Remøy. I dagens marknad er han godt nøgd med å kunne halde skipa i arbeid.
Offshorereiarlaget driv og eig, heilt eller delvis, ein flåte på 11 skip. Sju er plattformforsyningskip, tre arbeider i seismikkmarknaden og eitt er i fornybarmarknaden.
- 2020 var prega av ein god start og ei veldig svak utvikling gjennom året - med mykje utsetjingar og kanselleringar av program, seier Remøy.
Korleis 2020-reknskapen til slutt ser ut vil han førebels ikkje kommentere, ut over å seie at det blir "relativt gode tal".
- Vi kjem også til å kome med fleire positive nyheiter dei komande dagane, seier Rem Offshore-sjef Fredrik Remøy. I dagens marknad er han godt nøgd med å kunne halde skipa i arbeid.
Offshorereiarlaget driv og eig, heilt eller delvis, ein flåte på 11 skip. Sju er plattformforsyningskip, tre arbeider i seismikkmarknaden og eitt er i fornybarmarknaden.
Tøff slutt på året
I fjor hadde Rem Offshore ein driftsmargin på 31 prosent og Fredrik Remøy seier første halvår i år var enda betre, men så snudde det.- 2020 var prega av ein god start og ei veldig svak utvikling gjennom året - med mykje utsetjingar og kanselleringar av program, seier Remøy.
Utfordrande slutt og start
Fjerde kvartal i år kallar Remøy "veldig utfordrande". Det blir første kvartal i 2021 og, ventar han.Korleis 2020-reknskapen til slutt ser ut vil han førebels ikkje kommentere, ut over å seie at det blir "relativt gode tal".
Les også:
2020 var prega av ein god start og ei veldig svak utvikling gjennom året
Publisert: 24.11.2020 16:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06