Ren kommunistisk tankegang
STILLER IKKJE: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik kjem ikkje til landsmøtet i Norges Fiskarlag, der det ligg an til at framlegget til endringar i kvoteregelverket kjem til å møte motstand. Nesvik er Kina for å arbeide for norske fiskerinteresser. I dag er han på sjømatmessa China Fisheries & Seafood Expo.
Nytt

- Ren kommunistisk tankegang

Nordland Fylkesfiskarlag meiner fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) har lagt fram eit framlegg til regulering av fiskekvotane som er "ren kommunistisk tankegang".

30.10.2019

Det er framlegget om at staten skal inndra fiskekvotar til ein statleg kvotebank når kvotar blir samla på færre båter, Nordland Fylkes Fiskarlag protesterer mot. Tanken er at staten kan dele ut kvotane til andre.

Framlegget om ein kvotebank er ein del av framlegg til endringar i systemet for fordeling av fiskekvotane, som vart sendt ut på høyring tidlegare i år og som Nesvik håpar å få vedtatt i Stortinget i første halvår neste år.

Spørsmålet om kvotebanken blir truleg det temaet som blir mest diskutert når Norges Fiskarlag har landsmøte i Trondheim i dag og i morgon. Fiskarlaget er ein paraplyorganisasjon for fiskerinæringa, der blant andre organisasjonen for eigarane av havfiskeflåten - Fiskebåt - er med.

Fiskebåt er negative til innføring av kvotebank.

Nordlendingane i ryggen

Heller ikkje Nordlands Fylkes Fiskarlag har sansen for ein kvotebank. Dette står i eit brev laget sende til Næringskomiteen på Stortinget etter årsmøtet i laget tidlegare i haust.:

" Årsmøtet mener at strukturkvoteordningen må videreføres innenfor gjeldende rammer med unntak av at kondemneringskravet kan fravikes slik Regjeringen har foreslått. Årsmøtet ser derfor ingen grunn til at Regjeringens forslag om konvertering av strukturkvoter skal gjennomføres og anser dette som et påfunn bare for at staten skal tjene penger på et kvotesalg og gjennom det etablere en ordning med beskatning av ressursrenten. Årsmøtet reagerer også på at staten i praksis blir den største kvoteeieren noe som er ren kommunistisk tankegang.

Strukturkvoteordninga er ei ordning for samling av kvotar på færre farty, men der en del av den samanslåtte kvota skal fordelast på alle liknande farty etter nokre år. Ressursrente er eit begrep for avkastning av felleseigde ressursar, som til dømes vasskraft, olje og fisk. Så langt er det retten til å drive fiske ikkje skattlagt, men ein kvotebank vil vere ei slik skattlegging, meiner Nordland Fylkes Fiskarlag.

Skadleg uvisse

Fiskebåt skriv i ein uttale før landsmøtet i Norges Fiskarlag at framlegget til ein ny kvoteregelverk vil bety auka kostnadar og redusert lønsemd og effektivitet for fiskeflåten, stikk i strid med kva som er målet med framlegget.

Uvissa om rammevilkåra for fiskarane aukar med dette framlegget, meiner Fiskebåt.

Administerande direktør Audun Maråk har og kritisert framlegget til kvotereglar i ein kronikk som mellom anna er publisert i NETT NO.

"Det er et mysterium for oss hvordan et utvalgsarbeid som skulle lede til økt forutsigbarhet, økt effektivitet, økt fleksibilitet og økt lønnsomhet kan ende opp slik det er gjort i kvotemeldingen og tilhørende lovendringsforslag."; skriv Maråk.


Publisert: 30.10.2019 06:00

Sist oppdatert: 25.03.2021 11:26