Audun Iversen Nofima Pelagisk Arena foto Ogne
KAN BLIR DYRT: Audun Iversen i Nofima leier arbeidet med ein rapport om konsekvensen av reinsekrav til fiskeindustrien. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rensekrav til fire milliardar

Eu-krav gir fare kostnadssmell for fiskeindustrien.

07.01.2026

– Det må ganske kraftig reinsing til for at fiskeidustrien skal oppfylle desse krava, seier Nofima-forskar Audun Iversen om EU sine reinsekrav til utslepp frå blant anna fiskeindustrien.

Han leier arbeidet med eit rapport om kva som kan bli konsekvensen av krava, som vart gjeldande i Noreg frå 2023.

Bakgrunnen for at rapporten blir utarbeidd er mellom anna uro for at norske styresmakter skal byrje med ei streng og bokstavlig handheving av regelverket. 

Fire milliardar kroner
Iversen presenterte arbeidet med rapporten på konferansen Pelagisk Arena i dag. Den skal vere ferdig i løpet av februar i år, men Iversen kunne allereie no fortelje at den førebelse konklusjonen er at reinsekrava vil koste fiskeindustrien i Noreg fire milliardar kroner.

Rapporten vil også fortelje at investeringane i renseteknologi også har negative effektar, mellom anna auka eneigribruk og CO2-utslepp.

Kan få dispensasjon
Fleire bedrifter har søkt om dispensjon frå utsleppskrava.

Eitt argument for å gi dispensasjonar, som kjem fram i rapportet, er at utslepp frå industrien har lita betydning i og med at den gjerne ligg ved eller nær havet ned god kapasitet til ta mot denne type utslepp. 

Publisert: 07.01.2026 11:57

Sist oppdatert: 07.01.2026 11:57

Mer om