10 timen Isehaug Kafeteria foto Ogne
10-TIMEN: Isehaug Kafeteria er møteplass frå morgon til kveld. Først ute er gjengen i 10-timen, som er på plass i det kafeen opnar klokka 10. Ved borda; Halvard Leirgulen, Per Lund, Bjørn Mæhle, Per Sætre, Torfinn Moen, Knut Sandbakk, Bjarne Strand, Inge Arne Bøe og Rasmus Øvreberg. Vindua bak speglar naboen Stryn Kaffebar og Vertshus. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Konkurrentar løftar kvarandre - sjå resultatoversikt

Isehaug Kafeteria og Stryn Kaffebar og Vertshus ligg tett i tett langs handlegata i Stryn. Og begge har kraftig vekst.

30.08.2025

Nett No-barometeret:

Allereie før opning klokka 10 er dei første karane i 10-timen på plass hos Isehaug Kafeteria i Stryn. Inne når kulda og vinteren er her, under tak ute når det er råd. 

Det er ein fast møteplass kvar formiddag, mange pensjonistar, men og nokre som tek eit avbrekk i arbeidsdagen. Når puben er open, stenger Isehaug Kafeteria først etter midnatt.

Om han berre brukte kalkulatoren kunne det lønt seg for innehavar og drivar Jens Isehaug å vente til litt seinare på formiddagen med å opne. Men kafeen og ti-timen er ein institusjon og møteplass som han både kjenner ansvar for, og vil behalde.

  • Sjå resultatoversikt for restaurantane under saka
Adrina Lefdal Stryn Kaffebar og Vertshus I foto Ogne
TOK OVER FOR TI ÅR SIDAN: Adrian Lefdal tok over lokala der forgjengaren til Stryn Kaffebar og Verftshus hadde kasta inn handkleet og starta dagens bedrift i 2014. Foto: Ogne Øyehaug

Vekst godt over snittet
Tilsynelatande skulle Isehaug og Adrian Lefdal i Stryn Kaffebar og Vertshus ta kundar frå kvarandre. 

Men rekneskapa til dei to selskapa fortel ei heilt anna historie. Begge har ein vekst godt over gjennomsnittet for restaurantbransjen på Nordvestlandet. 

Frå og med 2020 har Nett No laga resultatoversikt for restaurantane i regionen.

I perioden 2021-2024 hadde bransjen ein inntektsvekst på 35 prosent. For Stryn Kaffebar og Vertshus var inntektsveksten 75 prosent, og for Isehaug Kafeteria 49 prosent i same periode.  Og samanlikna med 2019 - det siste året før koronapandemien kom - har Stryn Kaffebar og Vertshus dobla inntektene. Isehaug Kafeteria har auka dei med 50 prosent. 

Begge har utvida kapasiteten
– Fjoråret vart eit rekordår, seier Isehaug.

Han starta på ei omfattande oppussing i 2016, som også har utvida kapasiteten til 200 sitteplassar inne, og like mange ute. 

Utvida har også Lefdal gjort, og planlegg å utvide frå fem til åtte rom og fleire uteplassar i tillegg til dei 100 innandørs. 

  • Sjå resultatoversikt for restaurantane under saka

Auka lønsemd
Restaurantane på Nordvestlandet hadde både inntektsvekst og auka lønsemd i fjor.

Men lønsemda er framleis svært moderat. Resultatmarginen auka frå 1,7 til 3,3 prosent frå 2023 til 2024. Resultatmarginen er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene. 

Rundt tre prosent resultatmargin er det bransjen på Nordvestlandet har ligge på dei siste åra. 

Store skilnadar
Gjennomsnittstala skjuler at det er store skilnadar mellom dei ulike selskapa. Hovudregelen er at dei største gjer det best. 

Dei 10 største restaurantane målt i driftsinntekt sto for 51 prosent av dei samla inntektene til selskapa i Nett No si oversikt. Tilsaman hadde dei eit overskot før skatt på 22,4 millionar kroner, som svarar til ein resultatmargin på 7,9 prosent.

Seks av dei ni restaurantselskapa med ein resultatmargin på 10 prosent eller betre, er å finne blant dei ti største målt i driftsinntekt. 

Til samanlikning hadde sju av dei minste restaurantane underskot. I alt 15 av 39 selskap gjekk i minus.

Nonna Lina på topp
Isehaug Kafeteri i Stryn hadde ein resultatmargin på 17,3 prosent i 2024. 

Men du kan drive med godt overskot også om du ikkje er blant dei aller største akjørane.

Isehaug Kafeteria må sjå seg slått av Nonna Lina i Ålesund, som med ein resultatmargin på 17,9 prosent er det mest lønsame restaurantselskapet i Nett No sin bransjeoversikt for 2024.

Stryn Kaffebar og Vertshus Isehaug Kafeteri foto Ogne
TETT I TETT: Stryn Kaffebar og Vertshus (i bakgunnen) og Isehaug Kafeteria er nære naboar. Det ser dei ut til å tene på. Foto: Ogne Øyehaug

«Utfordrande år» for Dampsentralen og Bro
Blant dei større selskapa med minus er Bro (med restaurantane Bro og Bryt) og Dampsentralen. som alle er under paraplyen til Ut i Ålesund Management og delvis har overlappande eigarskap. 

«2024 ble et utfordrende år for Dampsentralen og Bro, mens Molo Brew leverer positivt resultat og har vist til en positiv utvikling de siste årene», skriv dagleg leiar Marius Lunde Pedersen i Ut i Ålesund Management i ein e-post til Nett No.

Han viser mellom anna til at Dampsentralen i Pir-bygget i Ålesund tapte på gravearbeid i gata utanfor bygget. No er gata ferdig og både besøket og utleige til arrangement har tatt seg opp. 

Bryt og Bro har kvar sin etasje ved Brosundet. Bryt hadde ei god utvikling i besøket gjennom fjåråret, medan den meir eksklusive Bro i etasjen under har hatt det tøffare.

«Fine dining-markedet til Bro har vært utfordrende, spesielt i midtuken. Sommersesongen i fjor var også dårligere enn man hadde planlagt og uteserveringen genererte ikke de inntektene man har sett historisk», skriv Pedersen.

Restaurantar på Nordvestlandet     
Tal i mill. kroner     
  Driftsinntekt Res.f. skatt 
RestaurantSelskap (Kommune)

2024

2023

2024

2023
Egon (Molde)Nordrift as (Molde)

40,6

37,6

4,3

3,3

Glass RestaurantGlass Restaurant29,926,24,30,5
Egon (Ålesund)Egon (Ålesund)29,332,11,93,6
Bro,BrytBro,Bryt27,927,0-1,2-3
XL Diner, MilkXL Diner, Milk27,627,00,63,7
ZuumaZuuma27,325,83,42,7
Isehaug KafeteriaIsehaug Kafeteria25,522,64,43,1
Stryn Kaffebar & VertshusStryn Kaffebar & Verftshus25,519,4-0,30,3
Hoven Restaurant & BarHoven Restaurant & Bar25,022,71,60,4
RødRød23,828,03,43,6
Egon MoaEgon Moa23,2 -0,04 
Molo Brew (Ålesund)Molo Brew (Ålesund)21,319,50,80,2
AnnoAnno19,521,5-1,00,2
DampsentralenDampsentralen17,820,6-4,0-1,2
Eggen RestaurantEggen Restaurant16,416,0-2,1-3,2
HavfruenHavfruen15,715,40,82,0
Køl Bar og Bistro (Molde)Køl Bar og Bistro (Molde)12,512,60,1-0,7
Milano Ristorante MoldeMilano Ristorante Molde11,99,60,8-0,1
Kaffehuset DråpeKaffehuset Dråpe11,010,20,040,4
Cinque MinutiCinque Minuti10,47,90,20,2
Tandori GuruTandori Guru9,78,2-0,5-0,5
Happy ElefanteHappy Elefante9,18,9-0,6-0,6
TikTik9,17,9-0,9-1,8
Tajmahal TandooriTajmahal Tandoori8,77,51,00,6
Nonna LinaNonna Lina8,48,21,51,1
RausRaus7,15,70,3-0,4
SydSyd7,06,20,7-1,1
SødahlhusetSødahlhuset6,36,2-0,30,2
Long Cheng RestaurantLong Cheng Restaurant6,27,2-0,1-0,1
Brør Mat og BryggeriBrør Mat og Bryggeri5,75,40,20,4
SkotholmenSkotholmen4,95,4-0,3-0,2
AskeAske4,33,70,2-0,1
Maluns RestaurantMaluns Restaurant3,73,10,10,1
Rekkedal GjestehusRekkedal Gjestehus3,63,6-0,10,04
Restaurant H.K. Restaurant H.K. 3,42,5-0,03-0,5
Restaurant 34Restaurant 343,03,6-0,5-0,6
Orient Bar RestaurantOrient Bar Restaurant0,10,2-0,1-0,4
LystLyst0,14-0,8-3,5
      
SUMSUM542,5499,217,88,6

Publisert: 30.08.2025 05:00

Sist oppdatert: 10.11.2025 18:19

Mer om