Det fastslår dagleg leiar og eigar Odd Arne Mulelid ved Kaibutikken i Måløy.
Han fortel om eit eventyrleg sal i sommar.
- Vi har aldri opplevd maken.
Kaibutikken i Gate 1 er vide kjend. I den 102 år gamle butikken er det alt av fiskereiskap og utstyr, og vel så det.
Ikkje ein gong Odd Arne Mulelid har full oversikt over vareutvalet.
- Vi har alt som er havrelatert, er svaret.
Butikken heiter eigentleg Brunsvik Fiskeredskap AS, men gå under namnet Kaibutikken.
I Kaibutikken kan ein også handle med euro, og mange tyske turistar har vore faste gjestar. I år har dei ikkje dukka opp.
- Det er klart vi saknar karane frå Tyskland, seier Mulelid.
- Men våre tyske vener har kome litt opp i åra, og har vald å vere heime i år. Det har dei gjort heilt rett i.
- Ja, det har vore enorm handel, langt over ein vanleg juli månad.
Medan dei tyske fisketuristane vanlegvis kjøper mest pilkar, har det i sommar gått mest av regnkle, støvlar, redningsvestar, fiskestengre og fiskesnøre.
Men det har også gått kanoar, krabbekokarar og mykje anna.
- Dårleg vêr er godt handlevêr, og i mykje av fellesferien var det dårleg vêr, seier Mulelid.
- Det var som å skru av ein brytar då fellesferien var over.
Siste dagane har det kome til ein del utanlandske reisande. Han er ikkje like glad for det.
- Vi er veldig glade i våre utanlandske kundar, men ikkje i år.
- I år synst eg dei kunne ha halde seg heime, og eg er skeptisk av at vi opna opp så fort.
- Sjølv om her er trangt om plassen, og mange har vore inne samstundes, har alle vist køkultur og vore flinke til å halde avstand.
Kaibutikken har eit stort lager på over 4.000 kvadratmeter.
Mulelid seier at ein har vurdert nettsal.
- Vi er klare til å trykke på den knappen.
Han fortel om eit eventyrleg sal i sommar.
- Vi har aldri opplevd maken.
Kaibutikken i Gate 1 er vide kjend. I den 102 år gamle butikken er det alt av fiskereiskap og utstyr, og vel så det.
Ikkje ein gong Odd Arne Mulelid har full oversikt over vareutvalet.
- Vi har alt som er havrelatert, er svaret.
Butikken heiter eigentleg Brunsvik Fiskeredskap AS, men gå under namnet Kaibutikken.
I Kaibutikken kan ein også handle med euro, og mange tyske turistar har vore faste gjestar. I år har dei ikkje dukka opp.
- Det er klart vi saknar karane frå Tyskland, seier Mulelid.
- Men våre tyske vener har kome litt opp i åra, og har vald å vere heime i år. Det har dei gjort heilt rett i.
Godt handlevêr
I staden er det nordmenn som har handla, i store mengder.- Ja, det har vore enorm handel, langt over ein vanleg juli månad.
Medan dei tyske fisketuristane vanlegvis kjøper mest pilkar, har det i sommar gått mest av regnkle, støvlar, redningsvestar, fiskestengre og fiskesnøre.
Men det har også gått kanoar, krabbekokarar og mykje anna.
- Dårleg vêr er godt handlevêr, og i mykje av fellesferien var det dårleg vêr, seier Mulelid.
- Opna vel fort
Han er spent på korleis resten av sesongen vert.- Det var som å skru av ein brytar då fellesferien var over.
Siste dagane har det kome til ein del utanlandske reisande. Han er ikkje like glad for det.
- Vi er veldig glade i våre utanlandske kundar, men ikkje i år.
- I år synst eg dei kunne ha halde seg heime, og eg er skeptisk av at vi opna opp så fort.
Vurderer nettsal
Han skryt av dei norske kundane.- Sjølv om her er trangt om plassen, og mange har vore inne samstundes, har alle vist køkultur og vore flinke til å halde avstand.
Kaibutikken har eit stort lager på over 4.000 kvadratmeter.
Mulelid seier at ein har vurdert nettsal.
- Vi er klare til å trykke på den knappen.
Vi er veldig glade i våre utanlandske kundar, men ikkje i år
Publisert: 16.08.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01