Rett opp for Salmon Evolution
GIGANTANLEGG: Salmon Evolution er i gang med å bygge eit landbasert oppdrettsanlegg i dette nedlagte steinbrotet ved sjøkanten i Fræna. Den ideen er godt mottatt på børsen. Håkon Andre Berg (innfelt) markerte byggestart for anlegget 19. mai i år.
Nytt

Rett opp for Salmon Evolution

Aksjekursen i Salmon Evolution steig frå fem til 7,99 kroner aksjen ved børsopning, då selskapet blei notert på Oslo Børs i dag. Verdien av selskapet auka med over 600 millionar kroner.

18.09.2020
Før børsnotering henta Salmon Evolution inn 500 millionar kroner i ei kapitalutviding. Interessa var så stor at selskapet kunne fått inn 3,2 milliardar kroner.

Kursauken då selskapet vart børsnotert i dag viser at interessa for det landbaserte oppdrettsselskapet framleis er høg.

Første byggetrinn

Dei 500 millionane som selskapet har henta inn før børsnotering skal brukast til å finansiere første byggetrinn av det landbaserte oppdrettsanlegget. Kapitalutviding vart gjort til fem kroner aksjen. Med den kursen er selskapet verdsett til 1,1 milliard kroner. Klokka 09:01 var kursen 7,86 kroner pr. aksje, som verdset Salmon Evolution til 1,7 milliardar kroner.
Planen er å hente inn ytterlegare 450 millionar kroner i ei ny kapitalutviding neste år. Også den skal finansiere første byggetrinn, som er berekna til å koste 1,3 milliardar kroner. Målet er å slakte første fisk frå anlegget i slutten av 2022.

Åtte prosent av norsk produksjon

Etter

kapitalutvidinga neste år er planen å hente inn ytterlegare 750 millionar kroner. Dei pengane skal vere med på å finansiere bygginga av resten av anlegget, som skal kunne produsere nesten 31 tusen tonn sløyd laks i året når det er ferdig utbygd.
Då tidlegare dagleg leiar Odd Tore Finnøy presenterte planane til Salmon Evolution i Shippingklubben i Ålesund tidlegare i år sa han at selskapet kan bygget enda meir i Fræna og minst doble produksjonen frå 31 tusen tonn. Og det skal ikkje stoppe der. Det er fleire stadar langs kysten som egnar seg for landbaserte oppdrettsanlegg, i følgje Finnøy.
Målet er å kome opp i 100 tusen tonn sløyd laks i året, sa han. Det utgjer nesten åtte prosent av den norske oppdrettsproduksjonen av laks og aure.

Lokale eigarar

Før Salmon Evolution henta inn 50 millionar kroner i januar 2019 var selskapet eigd av grunnleggarane i Romsdalsfisk og Terra Mare - Ingjarl Skarvøy, Per Olav Mevold, Jonny Småge og Kristoffer Reiten.
I den kaptialutvidinga kom ei rekkje andre investorar og aktørar i oppdrettsnæringa på Nordvestlandet inn på eigarsida; Artec Aqua (som har jobben med å prosjektere anlegg og bygging), Peder Stette og Frode Kjølås (som er sentrale i drifta av utstyrsleverandøren Optimar) og Rofisk (som eig brønnbåtreiarlaget Rostein).

I mars i år vart det henta inn 258 millionar kroner i ei ny kapitalutviding. Då blei Ronja Capital, som er Sølvtrans-sjef Roger Halsebakks investeringselskap, største aksjonær, med 19,6 prosent.

Publisert: 18.09.2020 09:17

Sist oppdatert: 20.05.2021 11:46