Njål Sævik ÅKP foto Marius
SKRIV OPP VERDI: Havila Shipping-sjef Njål Sævik hadde nesten ikkje dødtid i 1. kvartal for dei 14 skipa reiarlaget driv. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Reverserer tidlegare nedskrivingar

Havila Shipping-flåten fekk betre betalt og hadde meir å gjere i første kvartal.

15.05.2025

Med ein betre marknad aukar verdien på flåten, og Havila Shipping reverserer tidlegare nedskrivning og skriv opp verdien med 32 millionar kroner. 

Offshorerreiarlaget driv 14 fartøy, seks av dei for andre eigarar.

Flåteutnyttinga i 1. kvartal var på 97,4 prosent og gjennomsnittsraten var høgare enn i førre kvartal, ifølgje kvartalsrapporten.

10 av dei 14 faretøya er plattformforsyningsskip, tre er subseaskip - som driv med operasjonar på havbotnen, og eitt er eit berging- og bereskapsfartøy.

Les børsmelding om 1. kvartalsresultatet her

Havila Shipping ASA  
1. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt172,6126,1
Driftsresultat58,610,4
Resultat før skatt18,20,1

Publisert: 15.05.2025 14:43

Sist oppdatert: 15.05.2025 14:44

Mer om