Aurstad Gudbrandsdalen 2
RABATT: Maskinparken til K.A. Aurstad var seld til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige to månader før konkursen i K.A. Aurstad 6. desember 2018. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Revisorane stilte spørsmål om prisen

Vart overtydd om at vurderinga til K.A. Aurstad var rett etter møte.

21.04.2021

Dagen før eit møte med selskapet 4. oktober 2018 stilte revisor Geir Vatne spørsmål om 20 millionar kroner for maskinparken til K.A. Aurstad var for lav pris.

Utgangspunktet for spørsmålet var verdivurderingane som K.A. Aurstad henta inn før det omstridde salet av maskinparken til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige. Summen av verdivurderingane var høgare enn 20 millionar kroner, også etter at det vart gitt ein rabatt for at mange maskiner og utstyr vart seld samla.

I tillegg vart det berekna inn ein ytterlegare rabatt for heile maskinparken og det var den som utløyste spørsmålet kom det fram under Vatne si vurdering.

Godtok forklaring
Selskapsleiinga og styret i K.A. Aurstad sto fast på si vurdering, og både Vatne og hans kollega Dag Hopland vart overtydd av argumentasjonen og godtok prisen i følgje forklaringane i retten vurderinga om at 20 millionar kroner var ein pris som kunne forsvarast.

Det var ein kraftig underpris og ein handel som gjekk ut over kreditorane, som hovudaksjonær og driftsansvarleg Cato Aurstad er ansvarleg for, meiner Økokrim. Det er grunnlaget for at Økokrim har reist straffesak mot han, etter at K.A. Aurstad gjekk konkurs 6. desember 2018. Rettsaka i Søre Sunnmøre tingrett starta i førre veke og blir ferdig denne veka.

Ville berge selskapet
Vatne fekk og spørsmål frå forsvararen til Cato Aurstad om kva han tenkjer om transaksjonen i oktober 2018 og det som skjedde i ettertid.

- Mitt inntrykk er at dei forsøkte å dra K.A. Aurstad vidare, og at det var målsettinga, sa Vatne.


Publisert: 21.04.2021 12:05

Sist oppdatert: 21.04.2021 12:35