Nytt
Revolusjonerer undervisning med ny teknologi
- Uææ! Ho tok ut hjertet!
20.04.2018
Kanutte Kopperstad og elevkollegaer ved Herøy Vidaregåande skule, helse- og oppvekstfag fekk i dag teste ut det som kan bli eit vanleg undervisningsverkty i undervisningen ved skulen, briller som som viser fram tredimensjonale figuar.
Gjennom brillene ser dei ein person som står midt i rommet. Dei kan gå rundt personer, gi kommandoar som får fram dei ulike kroppsdelane, innvollar, blodårar, skjelettet og altså hjertet, som ein av Kopperstad sine kollegar altså tok ut av kroppen.
Brillene gir undervisninga ein ekstra dimensjon, du ser det du blir undervist om - kan ta på det, flytte på ting og beveget deg rundt. Brillene lar deg sjå klasserommet og alle som er der saman med deg, men gir deg altså ein ekstra dimensjon i tillegg.
Revolusjonerande, meiner rektor Gullik Kjeldstadli ved Herøy Vidaregåande skule.
Fostec har spesialisert seg på å utvikle system for bruk av det som blir kalla AR-briller, som gir brukarane høve til å utnytte tilleggsinformansjon i brillene - og kommuniserer med andre som har tillgang til den same informasjonen. På den måte kan til dømes ein servicemekanikar på andre sida av jordkloda dele det ho eller han ser med kollegaer heime på kontoret på Nordvestlandet og saman løyse problem.
Målet er å samarbeide med forskingsmiljø som skal bidra til utviklinga og måle effekten på elevane undervegs i prosjektet. Notøy og Kjelstadli ser for seg eit prosjekt over to til fire år. Søknaden om å få finansierte prosjektet skal vere klart til hausten.
Gjennom brillene ser dei ein person som står midt i rommet. Dei kan gå rundt personer, gi kommandoar som får fram dei ulike kroppsdelane, innvollar, blodårar, skjelettet og altså hjertet, som ein av Kopperstad sine kollegar altså tok ut av kroppen.
Visualisere
Etter at helse- og oppvekstelevane hadde testa systemet, fekk TIP-elevar sjå på ein kompressor og naturbrukelvane sjå på fiskerbåtar.Brillene gir undervisninga ein ekstra dimensjon, du ser det du blir undervist om - kan ta på det, flytte på ting og beveget deg rundt. Brillene lar deg sjå klasserommet og alle som er der saman med deg, men gir deg altså ein ekstra dimensjon i tillegg.
Revolusjonerande, meiner rektor Gullik Kjeldstadli ved Herøy Vidaregåande skule.
Inn i skuleverket
Det er Håvard Notøy i Fostech som er primus motor bak satsinga på å ta teknologien inn i skuleverket.Fostec har spesialisert seg på å utvikle system for bruk av det som blir kalla AR-briller, som gir brukarane høve til å utnytte tilleggsinformansjon i brillene - og kommuniserer med andre som har tillgang til den same informasjonen. På den måte kan til dømes ein servicemekanikar på andre sida av jordkloda dele det ho eller han ser med kollegaer heime på kontoret på Nordvestlandet og saman løyse problem.
Forsking- og utviklingsprosjekt
No jobbar Fostech saman med Herøy vidaregåande skule for å få i gang eit fleirårig forsking- og utviklingprosjekt for å utvikle teknologien og tilpassa undervisningmateriell.Målet er å samarbeide med forskingsmiljø som skal bidra til utviklinga og måle effekten på elevane undervegs i prosjektet. Notøy og Kjelstadli ser for seg eit prosjekt over to til fire år. Søknaden om å få finansierte prosjektet skal vere klart til hausten.
Publisert: 20.04.2018 17:35
Sist oppdatert: 07.03.2024 14:05