Richard Grov fekk viljen sin
FLEIRTALET I RYGGEN: Med klart fleirtal gjorde generalforsamlinga i Reisemål Stryn & Nordfjord som Alexandra-direktør og nyvald styremedlem Richard Grov ville, og røysta nei til å gå inn i eit felles reiselivsselskap for Nordvestlandet. 
Nytt

Richard Grov fekk viljen sin

Reisemål Stryn & Nordfjord røysta likt med Alexandra-direktør Richard Grov og sa nei til eitt felles reiselivselskap for Nordvestlandet.

07.04.2015
Allereie før oppteljinga var over var det klart at generalforsamlinga i Reisemål Stryn & Nordfjord pr. i dag ikkje går inn for å slå selskapet saman med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Destinasjon Geiranger-Trollstigen til eitt fellesreiselivselskap, Visit Sunnmøre & Nordfjord.
Dei to største aksjonærane, Hotel Alexandra og Stryn kommune, eig til saman litt over 20 prosent av aksjane - og sa på førehand at dei stemmer nei til fusjonen.
Når under halvparten av røystene i Reisemål Stryn & Nordfjord har møtt opp på dagens generalforsamling har kommunen og hotellet til saman 40 prosent av dei frammøtte røystene, slik at generalforsamlinga uansett ikkje har det naudsynte to tredjeparts fleirtal som må til for å vedta samanslåing.

Nei-fleirtal

Men samanslåingsmotstandar Richard Grov trong ikkje uroe seg for utfallet. Det hadde blitt nei uansett kor mange som hadde møtt opp.
17.815 av dei frammøtte røystene røysta nei, 4374 røysta ja til samanslåing.

Frykta feil pengebruk

Grov seier eitt avgjerande argument for at han ikkje ville at Reisemål Stryn & Nordfjord skulle gå inn i eit større reiselivselskap var frykta for at eit slikt selskap først og fremst vil bruke kreftene på internt arbeid. Hans erfaring med etablering av Reisemål Stryn og Nordfjord var at selskapet vart innadretta, og ikkje brukte pengane på utadretta marknadsarbeid - trass i at det var intensjonen.
Grov meiner Reisemål Stryn & Nordfjord kan halde fram som sjølvstendig selskap. Med dagens styre og leiing i Reisemål Stryn & Nordfjord meiner han det ligg an til meir utadretta marknadsarbeid, og lovar at Hotel Alexandra og selskap han er med i vil bidra med vesentlege midlar til vidare drift.

Vil samarbeide

Grov seier eit nei til samanslåing ikkje er det same som eit nei til samarbeid med reiselivselskapa på Sunnmøre.
Det handlar mellom anna om å utvikle felles produktpakkar.
- Vi skal samarbeide i høgste grad, seier Grov.


Publisert: 07.04.2015 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43