Nytt
Rimfrost jaktar nye krill-lisensar
Departementet opnar for fleire krill-lisensar i Antarktis. Herøy-selskapet Rimfrost aukar salet og vil kjempe om dei nye lisensane.
13.09.2017
- Det er viktig at krillen vert utnytta 100 prosent, og ikkje berre delvis.
- Dei nye lisensane må tildelast aktørar som er i stand til dette, seier styreleiar Anders Almestad i Rimfrost, i ei pressemelding.
Norge har i dag fire lisensar på krill i Antarktis. Av desse har Røkke-kontrollerte Aker Biomarine tre, medan Stig Remøy-kontrollerte Rimfrost har ein.
Samstundes er Rimfrost i gang med planlegginga av bygginga av ein heilt ny krilltrålar. No vil også selskapet konkurrere om det som måtte kome av nye lisensar etter at Nærings- og fiskeridepartementet planlegg å lyse ut fleire lisensar.
- Dette vil gi innovasjon og meir konkurranse i næringa, seier Almestad.
Les her:
Han viser til at då Stortinget tildelte dei første krill-lisensane i 2007 var ein opptatt av at lisensane vart tildelte fleire aktørar.
Almestad seier i pressemeldinga at Rimfrost kontinuerleg har utvikla ny teknologi og nye produkt, og vil fortsette det innovative arbeidet gjennom nye lisensar.
Han opplyser at salet no går godt.
- Vi er gjeldfrie, har god økonomi og soliditet til å investere i framtida.
- Dei nye lisensane må tildelast aktørar som er i stand til dette, seier styreleiar Anders Almestad i Rimfrost, i ei pressemelding.
Norge har i dag fire lisensar på krill i Antarktis. Av desse har Røkke-kontrollerte Aker Biomarine tre, medan Stig Remøy-kontrollerte Rimfrost har ein.
Nybygg
Rimfrost sin lisens vart nyleg forlenga til 2020 etter at Rimfrost sin krilltrålar Juvel var overtatt av Aker Biomarine.Samstundes er Rimfrost i gang med planlegginga av bygginga av ein heilt ny krilltrålar. No vil også selskapet konkurrere om det som måtte kome av nye lisensar etter at Nærings- og fiskeridepartementet planlegg å lyse ut fleire lisensar.
- Dette vil gi innovasjon og meir konkurranse i næringa, seier Almestad.
Les her:
Han viser til at då Stortinget tildelte dei første krill-lisensane i 2007 var ein opptatt av at lisensane vart tildelte fleire aktørar.
Salsauke
Grunngjevinga for dette var mellom anna å sikre ei berekraftig forvaltning av ressursane og eit sårbart økosystem, sikre ei vidare satsing på forsking og utvikling på krill, utvikle avanserte norske arbeidsplassar og sikre norske interesser i området.Almestad seier i pressemeldinga at Rimfrost kontinuerleg har utvikla ny teknologi og nye produkt, og vil fortsette det innovative arbeidet gjennom nye lisensar.
Han opplyser at salet no går godt.
- Vi er gjeldfrie, har god økonomi og soliditet til å investere i framtida.
Vi er gjeldfrie, har god økonomi og soliditet til å investere i framtida
Publisert: 13.09.2017 10:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13