Kontrakten er på i overkant av 200 millionar kroner, .
Kontrakten betyr mykje for arbeidsplassane på Sunnmøre fordi mykje av utstyret vil bli produsert på Kongsberg Gruppen sine anlegg på Sunnmøre, seier administrerande direktør Egil Haugsdal i Kongsberg Maritime i meldinga.
- Det er ei kjempekontrakt rett og slett. Det er lenge sidan vi har fått ein kontrakt som treff oss så bra, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime.
Oppdraget betyr jobbar for Kongsberg-avdelingane både i Ulsteinvik, Ålesund og Brattvåg.
Kontrakten er tildelt i fleire fasar gjennom 2020, siste del blei signert i september, skriv Kongsberg Gruppen i børsmeldinga.
Utstyrspakken fra Kongsberg Maritime omfattar framdriftssystem, styremaskin, dekksmaskineri, elektroløsningar, automasjon og telekommunikasjon. Ein Fishmaster integrert bruløysning som kontrollerer navigasjon, fiskeleiting, fangstkontroll og kommunikasjonssystem vil også bli levert av Kongsberg Maritime, i følgje børsmeldinga.
Sal frå lager gir også pengar i kassa.
Etter at Aker Biomarine kjøpte Juvel har Rimfrost og Aker Biomarine kjempa i domstolane om retten til produksjonsteknologien ombord. Aker Biomarine selde båten vidare tidlegare i år, utan å ha brukt den i fiske.
Aker Biomarine meinte teknologien var med på kjøpet i 2017, men tapte både i tingretten og lagmannsretten og fekk nyleg anken til Høgsterett avvist av ankeutvalet i Høgsterett.
Tidlegare har MMC First Process fått jobben med å levere utstyret for handtering og prosessering av krillen om bord i fartøyet. Utstyret skal sørge for kontinuerleg pumping frå trål til haldetanker med system for lagring av levande krill, før den blir pumpa vidare til prosessanlegget.
Hydroniq Coolers på Ellingsøya skal levere kjølesystemet til krillfartøyet.
Kontrakten betyr mykje for arbeidsplassane på Sunnmøre fordi mykje av utstyret vil bli produsert på Kongsberg Gruppen sine anlegg på Sunnmøre, seier administrerande direktør Egil Haugsdal i Kongsberg Maritime i meldinga.
- Det er ei kjempekontrakt rett og slett. Det er lenge sidan vi har fått ein kontrakt som treff oss så bra, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime.
Oppdraget betyr jobbar for Kongsberg-avdelingane både i Ulsteinvik, Ålesund og Brattvåg.
Ferdig i 2022
Skipet skal utrustast hos Westcon og planen er at det skal vere ferdig i 2022.Kontrakten er tildelt i fleire fasar gjennom 2020, siste del blei signert i september, skriv Kongsberg Gruppen i børsmeldinga.
Utstyrspakken fra Kongsberg Maritime omfattar framdriftssystem, styremaskin, dekksmaskineri, elektroløsningar, automasjon og telekommunikasjon. Ein Fishmaster integrert bruløysning som kontrollerer navigasjon, fiskeleiting, fangstkontroll og kommunikasjonssystem vil også bli levert av Kongsberg Maritime, i følgje børsmeldinga.
Allierte i satsinga
Tidleg i år fekk storaksjonær Stig Remøy i Rimfrost Holding med seg Roger Halsebakk sitt investeringselskap Ronja Capital, Jacob Hatteland Holding og Odfjell-familienes Farvatn Private Equity på eigarsida. Når transaksjonen er ferdig gjennomført vi dei eige 25 prosent i selskapet. Anders Almestad vi ha ein mindre post og Remøy eige resten.Sal frå lager gir også pengar i kassa.
Vann rettsak om teknologi
Etter at Stig Remøy-selskapet Emerald Fisheries gjekk konkurs og krilltrålaren var Juvel vart kjøpt frå konkursbuet av konkurrenten Aker Biomarine i 2017, har Rimfrost Holding og datterselskapet Rimfrost vore ute av fiske. Rimfrost dreiv opphavleg foredling og sal av krillprodukt, men viderefører no fiskeriverksemda.Etter at Aker Biomarine kjøpte Juvel har Rimfrost og Aker Biomarine kjempa i domstolane om retten til produksjonsteknologien ombord. Aker Biomarine selde båten vidare tidlegare i år, utan å ha brukt den i fiske.
Aker Biomarine meinte teknologien var med på kjøpet i 2017, men tapte både i tingretten og lagmannsretten og fekk nyleg anken til Høgsterett avvist av ankeutvalet i Høgsterett.
Fabrikk ombord
Det 120 lange fartøyet skal ha fabrikk for produksjon av både helsekost- og kosttilskot blir produsert ombord, rett etter fangst, seier Stig Remøy i følgje børsmeldinga.Tidlegare har MMC First Process fått jobben med å levere utstyret for handtering og prosessering av krillen om bord i fartøyet. Utstyret skal sørge for kontinuerleg pumping frå trål til haldetanker med system for lagring av levande krill, før den blir pumpa vidare til prosessanlegget.
Hydroniq Coolers på Ellingsøya skal levere kjølesystemet til krillfartøyet.
Publisert: 10.09.2020 09:09
Sist oppdatert: 03.03.2021 14:27