Robot revolusjon i skjeftefabrikken
VIKTIG MEDARBEIDAR: Produksjonsroboten grovfresar to rifleskjefter i løpet av 12 minutt og gjer heilt ferdig eitt skjefte i timen. Kjetil Kverndokk (til venstre) treng berre å fylle opp magasin med laminerte blokker eller grovfreste skjefter med fleire timars mellomrom, så gjer roboten resten.
Nytt

Robot-revolusjon i skjeftefabrikken

Etter fire år med prøving og feiling har Kjetil Kverndokk i KKC fått roboten sin i full sving med å lage rifleskjefte. Teknologien bak måten å lage skjefta på opnar for ein ny måte å produsere på i mange bransjar, meiner Kverndokk sin samarbeidspartnar Viddal Automation.

25.07.2020
Etter at produksjonsavtalen med Grodås Mønsterteknologi vart avvikla i 2010 har Kverndokk vore på leit etter ein ny måte å lage geværskjefte på.
Kjetil Kverndokk er grunnleggar og eigar av KKC, ei bedrift som byggjer på Kverndokk si diplomoppgåve ved Institutt for Industridesign ved Arkitektur- og Designhøyskolen i Oslo i januar 1998. I 2003 etablerte han KKC og i 2005 kom dei første skjefta på marknaden. I fjor hadde KKC 4,6 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på minus 38.000 kroner.
Korkje leigeproduksjon i USA, eller å få bruke ledig maskinkapasitet hos samarbeidspartnaren Shape i helgane, har vore ei farbar løysing i lengda. I staden for å basere seg på etablerte produksjonsmetodar satsa Kjetil Kverndokk i KKC og og Steffen Viddal i Viddal Automation på å tenke heilt nytt.

Eitt skjefte i timen

Innebygd i eit støvete rom i KKC sine lokale hos A.M. Liaaen-anlegget i Ålesund står industriroboten i fullt arbeid. Den grovfresar to geværskjefte ut av ei laminert treblokk i løpet av 12 minutt. Tilsaman har den ei takt på eitt ferdig skjefte i timen.
Alt Kverndokk og kollegaen Odd Arne Rekdal må gjere manuelt - med fleire timars mellomrom - er to operasjonar, å fylle på eit magasin med laminerte blokker og å legge opp eit magasin med grovfresa skjefte. Resten gjer roboten.
Inntil vidare blir skjefta pussa manuelt, men planen er å robotisere også det arbeidet.
I teorien er det mogleg at roboten er i sving døgnet rundt, men målet er å halde ei takt på omlag 15 skjefte i døgnet, fem dagar i veka. I tillegg til Kverndokk og Rekdal er ein seljar i sving. Skulle Kverndokk produsert utan robot måtte han ha fire - fem personar i produksjonen, i tillegg til meir maskiner, anslår han.

Lang prosess

Opphavleg venta Kverndokk at det skulle ta to-tre månader å få robotiseringa på plass. I staden har han halde på i fire år. Både for Kverndokk og Viddal har det vore ein prosess som måtte skje samstundes med den vanlege drifta av deira eigne selskap. Ein tung prosess, vedgår Kverndokk, sjølv om han ville gjort det om igjen - om enn med mindre endringar.
- Det har kosta blod, svette og tårer både for meg, og for han som har levert det (styringssystem og tilhøyrande robot, red. merk), seier Kverndokk.

Lang ventetid

Produksjonen var flaskehalsen hos KKC.
Då Kverndokk hausten 2018 rekrutterte sin tidlegare kollega hos Stokkekonsernet, Odd Arne Rekdal, til å vere produksjonsleiar, hadde selskapet 1300 skjefte i bestilling.
Selskapet greidde ikke å produsere i takt med bestillingane. Ventetida var lang for kundane.
- No er vi begynt å kome ajour, seier Rekdal.

Kombinerer serieproduksjon og skreddarsaum

Steffen Viddal har allereie tatt systemet som er utvikla for KKC med seg til nye oppdrag, for ei bedrift som lagar produkt av metall og ei anna som lagar produkt av tre.
- Han har vore piloten. Kjetil var døropnar, seier Viddal om betydninga av samarbeidet med Kverndokk og KKC.
Viddal karakteriserer utviklingsarbeidet som eitt av dei største teknologispranga han har vore med på.
- Det gir moglegheiter for at du kan køyre digital produksjon frå råvarelager til ferdigvarelager, seier han.
Kort fortalt betyr det at når kunden eller seljaren har lagt inn ei bestilling, går bestillinga rett inn i produksjonslokalet og i systemet som styrer produksjonen.
Der hentar roboten råvara, bearbeider den og legg det ferdige produktet klar til å sendast til kunden.
Roboten kan bytte frå det eine produktet til det andre utan at det er naudsynt å stille om maskinene for kvart produkt. Dermed er det ikkje lenger naudsynt å produsere i seriar for at produksjonen skal vere effektiv.

Publisert: 25.07.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00