Nytt
RoboTek er i gang
Den første tilsette i produksjons-utviklingsselskapet RoboTek er på plass.
27.10.2016
Tilsette nummer to er truleg på plass i løpet av kort tid, i følgje dagleg leiar Guttorm Ulla i Haram Næring og Innovasjonsforum.
RoboTek er oppretta for å styrke produksjonsmiljøa på Nordvestlandet, og bidra til at bedriftene held på produksjonen her i Noreg og aller helst flyttar heim ein del av den produksjonen som er flytta ut.
Selskapet har 22 bedrifter i ryggen, mellom dei Brødrene Sperre på Ellingsøya, som gjennom RoboTek er blitt pilotbedrift i eit nasjonalt prosjekt for testing av 3D-printing i produksjonen.
Målet er å inkludere skuleverk, bedrifter og forskingsmiljø på Nordvestlandet i prosjektet, og samstundes bygge opp ein maskineringsverkstad der små og mellomstore bedrifter kan dele på kostbare investeringar i avansert produksjonsutstyr.
Finansiering av verkstaden er førebels ikkje på plass, men aktiviteten i selskapet er likevel i gang.
Elevane skal mellom anna få øve seg i planlegg og samarbeide med robotar i produksjonen, og planen er og å kjøpe inn ein mindre og mobil robot som mellom anna kan brukast i undervisninga.
RoboTek er oppretta for å styrke produksjonsmiljøa på Nordvestlandet, og bidra til at bedriftene held på produksjonen her i Noreg og aller helst flyttar heim ein del av den produksjonen som er flytta ut.
Selskapet har 22 bedrifter i ryggen, mellom dei Brødrene Sperre på Ellingsøya, som gjennom RoboTek er blitt pilotbedrift i eit nasjonalt prosjekt for testing av 3D-printing i produksjonen.
Primus motor
Det er Arne Tande, tidlegare sjef for Rolls-Royce Marine i Brattvåg som er primus motor bak utviklinga av eit kompetansesenter for robotisering, automatisering og maskinering.Målet er å inkludere skuleverk, bedrifter og forskingsmiljø på Nordvestlandet i prosjektet, og samstundes bygge opp ein maskineringsverkstad der små og mellomstore bedrifter kan dele på kostbare investeringar i avansert produksjonsutstyr.
Finansiering av verkstaden er førebels ikkje på plass, men aktiviteten i selskapet er likevel i gang.
Produksjon-simulering
Lærarar i Haram Vidaregåande har fått opplæring i produksjons-simulering, å bruke simuleringsprgram til å test ut og trene på produksjon og produksjonsmetodar. Lisensar til simuleringsprogra er kjøpt inn og skulen er i prinsippet klar til å gå i gang, i følgje Gulla.Elevane skal mellom anna få øve seg i planlegg og samarbeide med robotar i produksjonen, og planen er og å kjøpe inn ein mindre og mobil robot som mellom anna kan brukast i undervisninga.
Teknologisamling i Brattvåg
Tysdag 2. november inviterer Haram Næring og Innovasjonsforum til seminar i Brattvåg, med robotteknologi, robotbasert produksjon, mobile industrielle robotar og 3D-printing av stål og metall som tema.Publisert: 27.10.2016 06:00
Sist oppdatert: 16.03.2021 20:06