Roger Halsebakk inn i Pir-bygget
Roger Halsebakk går inn med to-sifra millionbeløp i Pir-bygget i Ålesund. Blir partnar med Kaj Bang Westre, Asbjørn Solevågseide/Anja Solevågseide, Ante Giskeødegård, Lars Berg Giskeødegård og Amund Pedersen.
Gjennom investeringselskapet Ronja Capital har Sølvtrans-sjef og Sølvtrans-medeigar Roger Halsebakk gått inn med 2,5 millionar kroner i ny eigenkapital og blitt 20 prosent eigar i Pir Ålesund. Det går fram av årsrapporten til selskapet som bygger Pir-bygget på tomta som tidlegare husa Idun-gården i Ålesund sentrum.
I tillegg låner brønnbåtreiaren eit tosifra millionbeløp til Pir Ålesund.
– Vi prøver å vere med på ting som kan vere nyttig lokalt, seier Roger Halsebakk til NETT NO.
Økonomimagasinet Kapital vurderte i fjor haust Halsebakk til ha ei formue på to milliardar kroner.
Les også: Halsebakk hoppar på milliardærlista
Aksjonærane då Pir Ålesund blei starta i 2018, var Westre Invest (Kaj Bang Westre og familiemedlemer), Abacs (Amund Pedersen), Alh (Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård) og Ajea Invest (Asbjørn Solevågseide/Anja Solevågseide).
Les også:
Idungården blir innovasjonssenter
Reiv bygget
Den opphavlege planen til Pir Ålesund var å utbetre og bygge om Idungården, men undervegs vart det avgjort å rive og bygge nytt i staden.
Nybygget blir på 5500 kvadratmeter, 1500 kvadratmeter meir enn om det gamle bygget hadde blitt ståande.
Halsebakk kom inn som aksjonær og långivar - på line med dei tre andre aksjonærane som har lånt pengar til selskapet - i samband med at Pir Ålesund i fjor vedtok å rive og bygge nytt, ifølgje dagleg leiar Anja Solevågseide.
Les også: Har startet å bygge Pir-huset
Avis-flytting øker kontorledighet
Ho vil ikkje kommentere kva som er prisen på utbygginga og kor stort lånet frå aksjonærane er i dag, etter at det vart vedteke å bygge nytt - utover at nybygget kostar meir enn ombyggingsplanane.
Tre av aksjonærane - før Halsebakk kom inn som medeigar - har lånt selskapet til saman 69 millionar kroner i følgje årsrapporten. Lånet forfell til betaling i 2030. Renta er knytt til Nibor (renta på lån mellom norske bankar) pluss ein margin. I fjor var rentekostnaden på lånet 2,1 millionar kroner.
Flyttar inn neste år
Målet er at leigetakarane flyttar inn i første halvår neste år.
Bygget skal mellom anna gi plass Pir Cowork, eit tilbod til nystarta bedrifter og mindre bedrifter som ønskjer å vere ein del av eit større fellesskap, i tillegg til å ha plass til større etablerte bedrifter. Sunnmørsposten er blant dei som flyttar inn.
Pir-bygget er ein del av ei større satsing på å bygge opp både eit miljø for gründerbedrifter og eit investornettverk som skal stimulere til nyskaping.
Nettverket har mellom anna investert i Ably Medical, eit selskap som utviklar ei ny sjukehusseng. Den investeringa skjer gjennom selskapet Pir 1 Invest, der Halsebakk er ein av medeigarane.
Les også: Størst i sjukeseng-satsing
Halsebakk investerer også direkte, gjennom Ronja Capital, som investeringa i Pir-bygget er eit døme på.
Klump i magen om seismikk
Tidlegare i år gjekk Ronja Capital inn med 70 millionar kroner og vart største eigar i Salmon Evolution, som byggjer eit landbaserte oppdrettsanlegg i Hustadvika kommune. Ronja Capital er og medeigar i Stig Remøy si krillsatsing, satsar på reiseliv på Sandsøya og reiselivsselskapet Cruise Service.
Dei fleste investeringar er i selskap der det tek år med oppbygging og drift før det er klart om investeringane er vellukka eller ei.
For ei investering er allereie svaret på bordet. Halsebakk var ein av fleire på Nordvestlandet som satsa på seismikk-selskapet Axxis Geo Solutions, som blei børsnotert i fjor. Han gjekk inn med 24 millionar kroner og fekk ein aksjepost på omlag tre prosent. Heile selskapet er i dag verdsett til litt over 60 millionar kroner.
«Klump i magen», seier Halsebakk om kva han tenkjer om seismikkinvesteringa.
Les også: Hentar 258 millionar
Kjendisinvestorar inn i Stig Remøys krillsatsing
Sunnmørsk storsatsing på reiseliv
Axxis Geo Solutions klar for børsen
Vi prøver å vere med på ting som kan vere nyttig lokalt
Publisert: 05.06.2020 11:00
Sist oppdatert: 06.08.2021 11:29