Roger Hofseth Blir loensam med USA avtale
TRUR PÅ PLUSS:Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restavfall for oppdrettsfisk, og lagar ulike typar produkt - mellom anna helsekostprodukt -  basert på fiskebein, protein og fiskeolje. Avtalen med Nestlè-selskapet Garden of Life vil løfte Hofseth Biocare over på pluss-sida, meiner Hofseth-sjefen.
Nytt

Roger Hofseth: - Blir lønsam med USA-avtale

Blir intensjonsavtalen med Nestlé-selskapet Garden of Life bindande kjem Hofseth Biocare i pluss. 

24.06.2019
Dagleg leiar og storaksjonær Roger Hofseth seier det er arbeidd i over eitt år for å få ein avtale med det amerikanske helsekostfirmaet Garden of Life. Garden of Life er eigd av det internasjonale matvareselskapet Nestlé.
Avtalen vil vere eit vendepunkt for selskapet dersom intensjonsavtalen blir bindande, etter Hofseth si vurdering.

- Då vil det gi lønsam drift med ein gang, seier han.

Mange minusår

I åra 2014-2018 har Hofseth Biocare gått med tilsaman 262 millionar kroner i underskot før skatt, og første kvartal 2019 enda med minus 20,6 millionar.
Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restavfall for oppdrettsfisk, og lagar ulike typar produkt - mellom anna helsekostprodukt - basert på fiskebein, protein og fiskeolje.
No er selskapet i gang med eit utviding av fabrikken på Midsund for 80-90 millionar kroner. Roger Hofseth seier avtalen med Garden of Life framskundar utbygginga, og håpar den utvida fabrikken kan vere i drift våren 2020.
Utvidinga i Midsund gjer det anna råd å samle heile produksjonen på ein plass. Produksjonen blir meir effektiv og produktspekteret kan utvidast.

Børshopp

Hofseth Biocare sende ut melding om intensjonsavtalen med Garden of Life før børsen opna i dag.
Reaksjonen på børsen er svært positiv, aksjekursen i Hofseth Biocare enda opp i 18,97 prosent, til 2,90 kroner pr. aksje. Det er det høgaste nivået sidan november 2018 og selskapet er no verdsett til 855 millionar kroner.

Testar smakskombinasjonar

No testar Garden of Life mellom anna ulike smakskombinasjonar på produkta frå Hofseth Biocare og om Hofseth-produkta eventuelt skal kombinerast med andre produkt. Hofseht-produkta skal seljast under Garden of Life sitt eige varemerke.
Målet er å vere ferdig med testinga i år og signere ein bindande avtale frå neste år.
Avtalene vil sikre Garden of Life eineretten til å selje Hofseth Biocare sine produkt i USA, så sant Garden of Life klare å nå talfesta, men ikkje offentleggjorde salsmål.

Publisert: 24.06.2019 18:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36