- Det var litt diskusjon rundt nokre papir, seier dagleg leiar Odd Einar Sandøy i Rostein-reiarlaget.
Brønnbåten vart tatt i arrest etter å ha levert smolt til det russiske oppdrettsselskapet Russian Aquaculture, som satsar stort i Murmansk-regionen med smolt frå Norge.
- Vi har i ti år gått med smolt og laks i dette området, utan noko særlege problem, seier Sandøy.
Han opplyser at ein alltid er godt førebudd når ein skal til Murmansk-regionen.
- Vi er fokuserte på å ha alt i orden, kvart eit komma.
Reiarlaget har ein ny brønnbåt på veg til Murmansk. Det er Ro Server som faktar smolt frå Russian Aquaculture sitt smoltanlegg på Moltu.
Denne båten er framme om to døgn.
- Vi reknar ikkje med nye problem, men vi veit aldri, seier Sandøy.
Hovedaksjonær i Russian Aquaculture er forretningsmannen Maksim Vorobyov, bror til guvernør i Moskva fylke Andrey Vorobyov.
Ålesund-trålaren Arctic Swan vart beordra til kai i Murmansk i slutten av mars etter mistanke om juks under rekefiske, som viste seg å vere at det ikkje var opplyst om bifangst mannskapet hadde tatt til eige bruk.
I 2017 vart reketrålaren Remøy frå Herøy tatt i arrest, og låg i Murmansk i tre veker.
Bakgrunnen her var at Fiskeridirektoratet hadde gjort ein elementær feil, og gløymt å krysse av for rekefiske i eit skjema.
Saka vart løyst ved at reiarlaget fekk ei bot på 30 millionar kroner, der staten dekte deler av bota og sakskostnadene.
Brønnbåten vart tatt i arrest etter å ha levert smolt til det russiske oppdrettsselskapet Russian Aquaculture, som satsar stort i Murmansk-regionen med smolt frå Norge.
- Vi har i ti år gått med smolt og laks i dette området, utan noko særlege problem, seier Sandøy.
Han opplyser at ein alltid er godt førebudd når ein skal til Murmansk-regionen.
- Vi er fokuserte på å ha alt i orden, kvart eit komma.
Ny båt på veg
Rohav er no på veg ut Murmansk-fjorden, og skal vidare til Tromsø.Reiarlaget har ein ny brønnbåt på veg til Murmansk. Det er Ro Server som faktar smolt frå Russian Aquaculture sitt smoltanlegg på Moltu.
Denne båten er framme om to døgn.
- Vi reknar ikkje med nye problem, men vi veit aldri, seier Sandøy.
Hovedaksjonær i Russian Aquaculture er forretningsmannen Maksim Vorobyov, bror til guvernør i Moskva fylke Andrey Vorobyov.
Arctic Swan og Remøy
Rohav er den tredje norske båten frå Nordvestlandet som har vorte tatt i arrest i Murmansk i løpet av relativt kort tid.Ålesund-trålaren Arctic Swan vart beordra til kai i Murmansk i slutten av mars etter mistanke om juks under rekefiske, som viste seg å vere at det ikkje var opplyst om bifangst mannskapet hadde tatt til eige bruk.
I 2017 vart reketrålaren Remøy frå Herøy tatt i arrest, og låg i Murmansk i tre veker.
Bakgrunnen her var at Fiskeridirektoratet hadde gjort ein elementær feil, og gløymt å krysse av for rekefiske i eit skjema.
Saka vart løyst ved at reiarlaget fekk ei bot på 30 millionar kroner, der staten dekte deler av bota og sakskostnadene.
Vi er fokuserte på å ha alt i orden, kvart eit komma
Publisert: 21.05.2019 09:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35






