Nytt
Rotevatn møter fiskerinæringa
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn skal møte fiskerinæringa etter Regjeringsframlegget om avgiftsauke som vil doble drivstoffkostnadane.
25.01.2021
Det er ordførar Lena Landsverk Sande (V) i Vanylven som har fått i stand møtet, som blir arrangert som eit nettmøte tysdag 26. januar.
Blant dei inviterte er mellom andre Audun Maråk frå Fiskebåt, fiskebåtreiarane sin bransje- og arbeidsgivarorganisasjon. Invitert er også Bernt Brandal, ordførar i Hareid og inititativtakar til ein ordførar-protest mot framlegget i Regjeringa si klimamelding, der Regjeringa vil auke avgifta på CO2-utslepp så mykje at det betyr ei dobling av drivstoffkostnadane i fiskeflåten.
Det er førebels ikkje klart om møtet også vert ope for media.
"Totalbelastninga skal ikkje blir større. Du vrir skattetrykket, slik at det skal løne seg å velje miljøvennleg", er bodskapen frå Rotevatn, i følgje Sande.
Målet er å få med fleire langs heile kysten, sa Bernt Brandal til NETT NO i førre veke.
Også Landsverk Sande vart spurd om å signere på innlegget, men takka nei.
Ho seier ho i staden tok kontakt med Rotevatn direkte og stilte spørsmål til han om framlegget. Det initiativet leidde fram til nettmøtet i morgon.
- Eg syns det er mykje betre å jobbe med ting, enn å gå rundt å rope ulv i media, seier ho.
Blant dei inviterte er mellom andre Audun Maråk frå Fiskebåt, fiskebåtreiarane sin bransje- og arbeidsgivarorganisasjon. Invitert er også Bernt Brandal, ordførar i Hareid og inititativtakar til ein ordførar-protest mot framlegget i Regjeringa si klimamelding, der Regjeringa vil auke avgifta på CO2-utslepp så mykje at det betyr ei dobling av drivstoffkostnadane i fiskeflåten.
Det er førebels ikkje klart om møtet også vert ope for media.
Ikkje auka skatte- og avgiftstrykk
I følgje Landsverk Sande seier Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn at fiskarane alt i alt ikkje skal kome verre ut, sjølv om CO2-avgifta skal auka frå 590 til 2000 kroner tonnet fram til år 2030."Totalbelastninga skal ikkje blir større. Du vrir skattetrykket, slik at det skal løne seg å velje miljøvennleg", er bodskapen frå Rotevatn, i følgje Sande.
Skreiv ikkje under
Innlegget mot framlegget om avgiftauke på CO2-utslepp frå fiskeflåten er signert at ordførarane/varaordførarane i Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Giske, Molde, Aukra og Smøla og har fått tilslutning frå ordførar Eva Vinje Aurdal.Målet er å få med fleire langs heile kysten, sa Bernt Brandal til NETT NO i førre veke.
Også Landsverk Sande vart spurd om å signere på innlegget, men takka nei.
Ho seier ho i staden tok kontakt med Rotevatn direkte og stilte spørsmål til han om framlegget. Det initiativet leidde fram til nettmøtet i morgon.
- Eg syns det er mykje betre å jobbe med ting, enn å gå rundt å rope ulv i media, seier ho.
Publisert: 25.01.2021 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13