Sette førarkortet på vent
Færre ville ta førarkort i Ålesund i fjor.
- Den såkalla dyrtida slo verkeleg til i Ålesund, seier køyreskuleeigar Kjell Erik Rotevatn om 2023.
Han er 90 prosent eigar i to køyreskular, Skråbrevik Aut Trafikkskole i Ålesund og Rotevatn Trafikkskule i Volda. Resten av aksjane er eigd av John Karl Rotevatn, grunnleggar av firmaet og far til Kjell Erik.
Nedgang i Ålesund
For Skårbrevik Aut Trafikkskole vart det ein nedgang i driftsinntektene fra 8,4 til 6,8 millionar kroner (sjå tabell), medan Rotevatn Trafikkskule enda med same inntekt i 2023 som i 2022.
Rotevatn si vurdering er at den økonomiske utviklinga gjorde at komande sjåførar i Ålesundområdet valde å vente med å ta sertifikat i fjor. Det er er utsetjing, ikkje ein varig nedgang, slik han ser det.
- Vi ser allereie no at første kvartal i 2024 er vesentleg betre enn første kvartal i 2023, seier Rotevatn.
14 tilsette
Tilsaman har Rotevatn sine to trafikkskular 14 tilsette, 10 av dei køyrelærarar.
Rotevatn Trafikkskule har avdeling både i Volda og Ulstein for å fange opp marknaden i heile søre Sunnmøre medan Skårbrevik Aut Trafikkskule dekkjer Ålesundområdet.
Rotevatn Trafikkskule as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 7,9 | 7,9 |
Driftsresultat | -0,1 | 0,3 |
Resultat før skatt | -0,2 | 0,5 |
Skårbrevik Aut Trafikkskole as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 6,8 | 8,4 |
Driftsresultat | 0,004 | 0,7 |
Resultat før skatt | -0,1 | 0,7 |
Publisert: 22.03.2024 11:04
Sist oppdatert: 22.03.2024 11:05