Rotlaus dobla inntektene i fjor
Nytt

Rotlaus dobla inntektene i fjor

Sunnmørsbandet har vorte eit av Norges mest populære liveorkester. Suksessen viser att i rekneskapen.

Marius Rosbach
24.07.2019
Rotlaus har fått sitt store gjennombrott og er mellom dei banda i Norge som er mest ute på turne. Det viser att i rekneskapen for selskapet Rotlaus AS i fjor.
Omsetninga vart dobla frå året før – frå 3,7 til 7,6 millionar kroner. Samstundes kunne dei notere eit pent overskott før skatt på 1,7 millionar. Også det ei betydeleg auke frå 2017 (sjå tabell til høgre – under om du leser på mobil).

Har investert i utstyr

Bjørn-Marius Øyehaug er dagleg leiar og eig 70 prosent av aksjane i Rotlaus AS. Simen Bjørdal og Vegard Hansen eig høvesvis 20 og 10 prosent i selskapet. Også Simen M. Rebbestad og Anders Maristuen er med i bandet.
I løpet av fjoråret investerte bandet i lyd- og lysutstyr for nesten 800.000 kroner og bil/inventar for 380.000 kroner. Selskapet har nå ein samla eigenkapital på 2,2 millionar. Av dette er 760.000 kroner bankinnskott. Samla gjeld er på drygt 700.000 kroner.

Ettertrakta liveband

Øyehaug er den som skriv bandet sine låtar og tekstar og vart tidlegare med å bandet Vassendgutane. Sidan 2015 har det vore Rotlaus som har hatt fokus. I fjor vart bandet sitt andre album «På vei» nominert til to Spellemann-prisar.
No er bandet fullbooka i lang tid framover og denne sommaren spelar bandet fleire konsertar i veka. Denne veka spelar bandet til dømes i Tolga, på Beitostølen, Seljord og Nannestad.
Interessen kring Rotlaus har vorte svært stor og tidlegare i sommar meldte lokalavisa Eidsvoll og Ullensaker Blad at førehandssalet hos ein konsertarrangør på Romerike, slo interesse dei opplevde då Vassendgutane kom på besøk. Framleis er det likevel litt opp og fram før bandet når at .

Les også:




Publisert: 24.07.2019 14:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37