LARS frå Evotec foto Evotec
LARS: Evotec har lang erfaring med LARS ( Launch and Recovery Systems). No skal selskapet lever eit system som skal brukast heilt ned på 6000 meter.
Nytt

ROV-kontrakt for Evotec

Skal levere utstyr for undervassfartøy på 6000 meters djup.

27.08.2021

Evotec, eit selskap i Entec-konsernet, skal levere kran, vinsj og system for å få eit fjernstyrt undervassfartøy (ROV) trygt ned og opp frå 6000 meter djup.

Det er eit ikkje namngitt internasjonalt rederi som har inngått kontrakten, som er på mellom 10 og 15 millionar kroner.

Klart i desember
Utstyrt og system skal vere ferdig testa og klart for levering i slutten av desember 2021.

"Sluttkunden er eit stort internasjonalt offshore rederi med farty som har operasjonar i mange segment, så her har vi eit stort potensiale vidare". Dety seier Torkjell Ringstad, leiar for sal- og marknad i Evotec, i ei pressemelding.

Utstyret er bygd slik at når vinsja slakkar ut ROVèn eller er i i-aktiv-hiv-kompensering vil vinsja virke som ein generator og produsere straum som kan brukast ombord i båten, ifølgje pressemelding.

Millionoppdrag til søsterselskap
Søsterselskapet til Evotec, Brimer Servitech, har inngått avtalar om leveransar av høgdebasseng til norske kommuner for til saman 50 millionar kroner dei siste månadene skriv selskapet i ei pressemelding..

- Det blei et skikkelig rush inn i sommaren, der vi inngikk avtalar om høgdebasseng i sju kommunar, frå Narvik i Nord til Tysvær i sør. Alle disse skal leverast i løpet av det neste året, seier konsernsjef Håvard Haanes i Entec i pressemeldinga.

Publisert: 27.08.2021 19:30

Sist oppdatert: 27.08.2021 19:42