Nytt
Rovde aukar i privatmarknaden
Går det som Rovde Møbel & Design vil, er privatmarknaden blitt minst dobbelt så viktig for bedrifta innan to-tre år.
16.11.2020
I år passerer Rovde Møbel & Design 10 millionar kroner i driftsinntekter, men berre 10-15 prosent av inntektene kjem frå privatpersonar, anslår dagleg leiar og medeigar Paul Sindre Vedeld.
I løpet av to-tre år håpar skipsinnreiingspesialisten at 30 prosent av inntektene kjem frå privatkundar som vil ha nytt kjøkken, bad eller garderobar.
Fordi kvart einskild oppdrag for private kundar er små, er desse oppdraga lette å tilpasse i produksjonsplanen, slik at det er lettare å halde jamn produksjon og sysselsetting. Det er ein ekstra fordel med å vinne innpass i privatmarknaden.
Vedeld var ein av dei som var med på å få ny drift i fabrikken etter at selskapet Rovdefjord melde oppbod i 2015. I 2016 var driftsinntektene to millionar kroner.
Den tidlegare rekorden var 13 lugarar til eitt skip.
Nexans Auroroppdraget har sikra arbeid i heile haust og gir arbeid fram mot sommaren 2021.
I løpet av to-tre år håpar skipsinnreiingspesialisten at 30 prosent av inntektene kjem frå privatkundar som vil ha nytt kjøkken, bad eller garderobar.
Flest forespørslar frå private
Kjøkken-, bad- og garderobeinnreiingar til privatpersonar gir Rovde Møbel & Design eit ekstra bein å stå på. Allereie i dag er det forespørslar frå privatkundar det er flest av.Fordi kvart einskild oppdrag for private kundar er små, er desse oppdraga lette å tilpasse i produksjonsplanen, slik at det er lettare å halde jamn produksjon og sysselsetting. Det er ein ekstra fordel med å vinne innpass i privatmarknaden.
Sosiale medier
All marknadsføring mot privatkundar skjer på sosiale medier; Facebook, Instagram og eiga nettside.Vedeld var ein av dei som var med på å få ny drift i fabrikken etter at selskapet Rovdefjord melde oppbod i 2015. I 2016 var driftsinntektene to millionar kroner.
90 lugarar
Tidlegare i haust fekk bedrifta sitt største oppdrag så langt, innreiing til 90 lugarar til kabellleggingsskipet Nexans Aurora, som er under bygging ved Ulstein Verft.Den tidlegare rekorden var 13 lugarar til eitt skip.
Nexans Auroroppdraget har sikra arbeid i heile haust og gir arbeid fram mot sommaren 2021.
Publisert: 16.11.2020 17:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:05