Nytt
Royale øyar kan få bølgjekraft
Waves4Power i samtalar om bølgjekraftleveransar til Scilly-øyane, der prins Charles er stor eigar.
21.09.2017
Scilly-øyane ligg i havet cirka 45 kilometer vest for sørvestspissen har England, og eit bølgjekraftverk kan bidra til å gjere øyane meir sjølvforsynte med energi.
I første omgang er det snakk om eit bølgjekraftverk på 15-20 bøyer, i følgje Waves4Power.
Samtalane med Scilly-øyane vert presentert på markeringa av opning av drifta av det første bølgjkraftanlegget til Waves4Power i Fosnavåg i dag. H.M. Kong Harald skal stå for den offisielle opninga seinare i ettermiddag.
Scilly-øyane er ein del av hertugdømmet Cornwall, der den britiske tronarvingen prins Charles er hertug. Hertugdømmet eig storparten av arealet på øyane og rundt ein tredjepart av bygningane. Øyane har cirka 2000 innbyggjarar.

Publisert: 21.09.2017 15:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14