RS Idar Ulstein klar til ny innsats
FOSNAVÅG: RS Idar Ulstein er tilbake i Fosnavåg etter å ha vorte reparert ved det svenske byggjeverftet.
Nytt

RS Idar Ulstein klar til ny innsats

14 månader etter at RS Idar Ulstein køyrde på land på Grytastranda, er skøyta tilbake i Fosnavåg. - Stor glede, seier regionleiaren.

29.01.2020
- Endeleg er RS Idar Ulstein tilbake der skøyta skal vere stasjonert. Dette er noko vi har sett fram til, seier regionleiar Bertil Holen i Redningsselskapet i Midt-Norge.
Skøyta kom søndag fram til Fosnavåg etter å ha vorte reparert ved byggjeverftet Swede Marine i Djupvik nord for Göteborg.
- Det var stor glede hos mannskapet. Tilbakemeldingane er at skøyta er minst like god som før uhellet.

Krasja med naust

Det var 29. november i 2018 at skøyta gjekk på land i stor fart etter at skipperen om bord fekk eit illebefinnande.
Om bord var to andre tilsette, men dei var då opptatt av å reparare skader etter ei dykkerulukke.
Etter å ha hoppa på to svaberg, landa skøyta til slutt opp på eit naust på Grytastranda i Haram, men utan at mannskapet vart alvorleg skada etter den luftige ferda.

Lenge var det frykt for at redningsskøyta var så skada at ho måtte kondemnerast, men etter å ha vorte skanna av laser og i tillegg utført ei omfattande skadeomfangsanalyse, vart det bestemt å reparere skøyta.
All innreiing vart fjerna. Det same med vassjetane, og motorane vart sende til fabrikken for overhaling.

Ulstein-midlar

Bertil Holen seier at ein del er nytt, men ein har tatt vare på alt som kunne takast vare på.
RS Idar Ulstein er delfinansiert av Ulstein-familien gjennom Ulstein Group.
Totalt gjekk familien inn med rundt 22 millionar kroner for den fem år gamle redningsskøyta som ber industribyggjaren Idar Ulstein sitt namn.

Dekker stort område

RS Idar Ulstein skal ha Fosnvavåg som base.
- Herifrå dekker skøyta området frå Stad og opp til Fjørtofta/Harøya, seier Holen.
Medan RS Idar Ulstein har vore til reperasjon, har RS Klaveness Marine vikariert siste tida i Fosnavåg.
- No er denne båten stasjoner i Skjervøy i Troms, seier Holen.
Totalt er det fire fast stasjonerte redningsskøyter i Møre og Romsdal. I tillegg til Fosnavåg er det Ålesund, Aukra og Kristiansund.
- Det er godt å ha alle skøytene på plass att, seier Holen.
Tilbakemeldingane er at skøyta er minst like god som før uhellet

Publisert: 29.01.2020 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51