Rufo mot rekordaar
VEKST: Får Knut Steinnes innfridd forventingane sine vil Rufo har gått frå 20 millionar i driftsinntekter i 2016 til nesten 30 i 2018.
Nytt

Rufo mot rekordår

Transportkasseprodusenten Rufo ligg 30 prosent over fjoråret. Kan auke driftsinntektene opp mot 30 millionar kroner i år.

22.03.2018
Rufo nådde 22,5 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. Det er rekord, og 2018 har starta enda betre. Ordrereserven i dag er dobbelt så stor som på same tid ifjor sa dagleg leiar Knut Steinnes på næringskonferansen Søre Sunnmøre i dag.
Reknskapet er ikke ferdig, men 2017 blei det fjerde året med overskot på rad.
- Dei siste åra har vore gode for oss, seier Steinnes.

Automatiserer

I mai startar Rufo å ta i bruk industrirobotar i produksjonen. I løpet av eit par år skal selskapet ha ein heilautomatisk produksjon gåande døgnet rundt.
Robotiseringa av produksjonen er siste steg i ein lang prosess, der selskapet gradvis har digitalisert meir og meir av arbeidet, frå produktuvikling og konstruksjon, til sal og ordrestyring.


Kuttar kostnadar

Digitaliseringa og robotiseringa er eit svar på at selskapet vart trua av betre og billegare produkt frå utlandet, og frykta å misse viktige kundar i den norske musikkbransjen.
No er selskapet der at det er Rufo som kan byrje å konkurrere med konkurrentane i utlandet, på deira heimebane, sa Steinnes på næringskonferansen i dag.
Han trur på kraftig vekst takka vere robotisering og digitalisering.
- Når Ekornes klarer det, og andre store bedrifter, kvifor kan ikkje vi klare det. Det er berre å gønne på, seier han.

Tilset folk

I tillegg til å lage kasser til musikkbransjen har Rufo og vunne innpass i oljebransjen. For eitt og eit halvt år sidan fekk dei og oppdrag frå anlegg- og entreprenørbransjen.
Frå slutten av 2016 og fram til no har bemanninga auka med fem personar, til 18. Det er ein færre enn toppen før oljenedturen, og Steinnes reknar med å tilsette fleire.

Publisert: 22.03.2018 10:55

Sist oppdatert: 14.04.2023 12:06

Mer om