Runde Miljøsenter dronebilde foto Runde Miljøsenter 11
I BUDSJETTET: Runde Miljøsenter får statsstøtte også i 2024. Foto: Runde Miljøsenter
Nytt

Runde Miljøsenter får støtte

Budsjettavtale med SV sikra tre millionar.

03.12.2023

Før budsjettavtalen mellom regjeringspartia og SV var det ikkje sett av pengar i statsbudsjettet til Runde Miljøsenter i 2024.

No er skal senteret frå tre millionar kroner, går det fram i ei pressemelding frå Senterpartiet om budsjettforliket.

«Med denne enigheten er det landet et budsjett som er trygt og ansvarlig i møte med ei krevende tid med økte priser og renter», seier finansminister og Sp-leiar Tryve Slagsvold Vedum i pressemeldinga.

Samla utgifter i statsbudsjettet blir auka med 10,9 milliardar kroner. Samla skatt blir auka med 1,3 milliardar kroner.

Regjeringspartia og SV presenterer desse punkta som dei viktigaste endringane i forhold til budsjettforslaget frå regjeringa som vart lagt fram i oktober:

  • Barnetrygda for barn over 6 år blir auka med 2400 kroner i året (1,9 mrd. kroner)
  • Innføre gratis halvdagsplass på SFO for tredje trinn (880 mill. kroner)
  • Auka studiestøtte på 10 prosent frå 1. august 2024. (277 mill. kroner)
  • Rekrutteringstilskot til Helse nord (200 mill. kroner)
  • Auka satsing på grøn omstilling (Ulike satsingar på omtrent 4 mrd. kroner)
  • Auka satsing på frivillig skogvern. (449 mill. kroner)
  • Klima og skogsatsing under UD. (1 mrd. kroner)
  • Auka låneramme i Husbanken på 5 mrd. kroner.

Klikk her for å lese pressemeldinga. På slutten finn du lenke til eit taldokument og ein tekst som viser kva Ap, Sp og SV er blitt samde om

– Elendig nytt for norske bedrifter
– Budsjettforliket mellom SV og regjeringspartiene er elendig nytt for norske bedrifter og arbeidsplassar. Den såkall «midlertidige» ekstra arbeidsgiveravgifta er no velsigna av SV som ein ny, varig straffeskatt på norske kompetanse-arbeidsplassar. Ein massiv reell auke i oljepengebruk vil drive oppover inflasjon og rente, og dei eneste reelle kutta SV har fått gjennomslag for er i framtidsretta postar som næringsrettet forsking og breiband/digitalisering, skriv stortingsrepresentant Alfred Bjørli i ein kommentar til budsjettforliket.

– SV og Regjeringa synest ute av stand til å prioritere nødvendige kutt, men løyser alle problem med å auke skattane, bruke oljepengar, eller innføre «uspesifiserte kutt» på heile 9000 millioner kroner, seier stortingsrepresentant og Frp-nestleiar Hans Andreas Limi.

Publisert: 03.12.2023 14:23

Sist oppdatert: 03.12.2023 22:24

Mer om