Runde nummer tre for Island Offshore
TØFF MARKNAD: Skip i opplag ved Island Offshore-hovudkontoret i Ulsteinvik. Selskapet er i gang med ei ny refinansieringsrunde.
Nytt

Runde nummer tre for Island Offshore

Har pusterom ut 2020. Starta nye forhandlingar i andre kvartal i år.

02.10.2020
Island Offshore-systemet var tidleg ute, og refinansierte i 2016 offshoreskip-verksemda etter at marknaden for offshoreskip blei dårleg etter oljeprisfallet som starta i 2014.

Men første runde gav pusterom berre til 2018, og Island Offshore starta alt hausten 2016 på ei ny runde med kreditorane.

Pusterom ut 2020

Formalitetane i forhandlingsrunde nummer to var klar våren 2018, og gav selskapet ro ut 2020.
Priskrigen i oljemarknaden og konsekvensane av koronaepidemien i år, tok livet av forhåpningane om at 2020 skulle bli eit positivt vendepunkt.
No er Island Offshore Group i gang med runde nummer tre med kreditorane. Det går fram av årsmeldinga til Island Offshore Management as, som driv skipa i Island Offshore-systemet.
Forhandlingane med relevante partar for å få til ein avtale etter 2020, starta i andre kvartal i år, ifølgje årsmeldinga.

Utanlandsk selskap

Eigarskapa til skipa - og gjelda - i Island Offshore-systemet ligg i eigne selskap. Det viktigaste er utanlandske Island Offshore Shipholding og selskap under Island Offshore Shipholding-paraplyen. På eigarsida til skipa er den amerikanske Chouest-familien og ei grein av Ulsteinfamilien gjennom familieselskapet Borgstein.
Borgstein er eigd av Ulstein-søskena Morten, Henning, Svein Idar, Håvard og Ingunn Ulstein Botnen - med 20 prosent på kvar.
Tala for Island Offshore Shipholding er ikkje offentleg tilgjengleg i Noreg, men rekneskapen for Borgstein, der investeringa i offshorereiarlaget er den største, viser at også 2019 var eit tøft år (sjå tabell til høgre - på mobil finn du den nederst på sida).
Resultatet for tilknytta selskap i Borgstein var minus 139 millionar kroner i fjor, som skriv seg frå skipseigande selskap.

Rigg-eigar

Borgstein er og medeigar i riggselskapet Island Drilling, som eig boreriggen Island Innovator.
Eit lån på 70,6 millionar dollar i riggselskapet forfell til betaling i oktober. Selskapet har tatt inititativ til ei utsetjing av betalinga, og styreleiar Morten Ulstein i Island Drilling sa i september i år at planen å legge fram, og diskutere ei løysing med bankane.

Publisert: 02.10.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03